– Første halvtimen var frykteleg. Eg er jævla skuffa. Vi har heimekamp, mykje folk på stadion, sjansen til å ta tabelltopp og alt låg til rette, men den første halvtimen var så utruleg skuffande. Det gjer meg så forbanna at eg står her og skjelv, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Han såg forbetring frå Hødd-spelarane den siste timen av kampen, og i den andre omgangen skapte også Hødd så mykje at dei burde ha vunne komfortabelt, men det er som kjent måla som avgjer fotballkampar.

– Den siste timen er godkjent og då er vi mange hakk betre enn Vidar. Dette er ein kamp vi skal vinne og det er bra at vi klarar å skape så mykje som vi gjer på ein omgang, men totalen blir ikkje godt nok likevel og det er skuffande. I dag var det berre tre poeng som gjaldt og det glapp. Det er utruleg skuffande, seier Eid.

Ikkje godt nok

Tysdag spelar Skeid mot VIF 2 i siste kamp i denne runden. Sjølv med Skeid-sider vil Hødd berre vere tre poeng bak toppen, men dei blåkvite kan ikkje halde fram med å gje vekk poeng på denne måten dersom dei ønskjer å ha kontakt med toppen også i tida framover.

– Vi har tapt fire poeng heime mot Vard og Vidar. Det er ikkje godt nok! seier Eid.

Får som fortent

Ekstra skuffande blir det at Vidar utliknar på sin einaste sjanse i den andre omgangen.

– Det er jo litt typisk at det blir slik, men vi gir vekk eit unødvendig frispark og så er det elendig markering i boksen. Då får vi som fortent. Akkurat no er eg berre lyn forbanna, og det går primært på at vi ikkje tek tak i kampen frå start slik vi var einige om at vi skulle. Det er sjølvsagt positivt at vi køyrer den andre omgangen som vi gjer og at vi skapar mykje sjansar, men heller ikkje der var vi fantastiske. Det er ein kamp vi skal vinne med både 2 og 3-0, men vi klarar det ikkje.

Må score fleire mål

Hødd har scora åtte mål på sine seks første kampar i serien. Tre av dei kom i serieopninga mot Stjørdals/Blink og Hødd har berre scora to eller fleire mål i to av kampane så langt. Det skulle ein ikkje tru når ein ser alle sjansane Hødd har skapt. Og Hødd har i utgangspunktet meir enn nok offensive spelarar som burde klare å ta vare på desse sjansane.

– Det er positivt å skape sjansar, det hjelper på, men i fotballen er det måla som tel og ingenting anna. Der er ikkje vi dyktige nok. Skal vi ligge i toppen så må vi begynne å score mål, avsluttar Eid.