Hødd hadde sjansen til å ta seg heilt opp i toppen av 2.-divisjon avdeling 2 søndag kveld, men då måtte det bli tre poeng mot Vidar.

I fjor vann Hødd begge oppgjera mot raudtrøyene med 3-0, og det var dermed naturleg at Hødd også hadde eit favorittstempel før oppgjeret på Høddvoll.

På Hødd-laget var det nokre endringar frå 1-1 kampen mot Egersunds. Preben Sætre kom inn for suspenderte Daniel Eid, medan Robin Hjelmeseth kom inn på topp saman med Markus Kvame Naglestad.

Heimelaget fekk kampens første avslutningsmoglegheit, då Robin Hjelmeseth fekk skyte frå bra posisjon, men skotet vart blokkert. Kampens første småfarlege situasjon var det også Hødd som stod for, men då var det Henrik Breimyr som sleiva ballen over eige mål til corner for Vidar.

Elles vart det ikkje skapt stort det første kvarteret på Høddvoll.

Ole Monrad Alme måtte gjere nokre redningar i løpet av den første halvtimen, men det vart aldri farleg og Hødd-keeperen hadde god kontroll på dei få forsøka Vidar kom med.

Hødd sin første skikkelege sjanse kom etter 37 minutt, då Markus Naglestad la fint ut i feltet og Marius Hagen fekk avslutte frå bra posisjon, men Vidar fekk blokkert forsøket.

Tre minutt seinare fekk Johannes Sundgot avslutta frå bra posisjon, men Bjarte Christian Egeland i Vidar-målet hadde bra kontroll.

Dei første 45 minutta var ikkje veldig underhaldande på Høddvoll denne søndagskvelden. Heimelaget skapte ørlite meir enn Vidar, men det var ikkje store forskjellen på laga før pause.

Etter pause tok det berre to minutt før det vart farleg i Vidar-boksen. Preben Sætre slo inn frå høgresida og klareringa frå Vidar-forsvararen gjekk rett i ryggen på ein medspelar. Då vart det lettare kaotisk i bortelaget sin 16-meter, men utan at ein av Hødd-spelarane kom seg til avslutning.

Deretter var det klart for kampens største sjanse så langt. Hødd vann ballen midt på bana og sette stor fart framover. Markus Naglestad fekk avslutta frå god posisjon, men ballen gjekk via ein motspelar og over mål til corner.

Etter 60 minutt trudde «alle» på Høddvoll at Markus Naglestad hadde gitt Hødd leiinga. Hødd trykte på og fekk slått ballen inn framom mål, der Hødd hadde fleire skotsjansar, men der det til slutt var Naglestad som fekk avslutta frå fem meter. Ballen såg ut til å vere på veg ned i lengste hjørnet, men Vidar sin keeper fekk kasta seg over ballen i siste liten og klarte å halde ballen ute av mål.

Berre minuttet seinare var Naglestad nære igjen, men denne gongen fekk han ikkje noko godt treff på ballen og den gjekk i nettveggen i staden for i nettet.

Vidar var ikkje spesielt farlege første 20 minutta etter pause, men Ole Monrad Alme måtte gjere ei redning på eit knallhardt skot etter 65 minutt.

Hødd pressa på for scoring og etter 68 minutt fekk heimelaget straffe, då Steffen Moltu vart riven i trøya på ein dødballsituasjon. No var Markus Naglestad sikker, sende keeper feil veg og Hødd opp i leiinga.

Steffen Moltu var ikkje veldig langt ifrå ein stor sjanse då han stussa eit frispark frå Bendik Rise mot mål etter 72 minutt, men headinga gjekk om lag meteren over mål frå god posisjon.

Markus Naglestad kom seg etter kvart til ei rekkje store sjansar for Hødd, og etter 75 minutt banka han ballen i tverrliggjaren i etterkant av ein corner.

Like etter tvinga Marius Hagen keeper til å gje Hødd ein ny corner med eit skot frå langt hald.

Hødd heldt fram med å skape sjansar og Marius Hagen burde nok klarte å sette inn 2-0 då han vart spelt fram åleine med keeper etter 79 minutt, men avslutninga gjekk rett på den utrusande keeperen.

Hødd dominerte alt på Høddvoll, men minuttet før full tid utlikna Vidar. Eirik Haugan gav vekk eit svært unødvendig frispark i god posisjon for innlegg, og Makhtar Thioune svinga ballen inn på bakarste stolpe der Emil Vian Randulff fekk stå heilt åleine. Ole Monrad Alme kasta seg ned i hjørnet, men klarte ikkje halde ute headinga.

Steffen Moltu var nære ved å heade Hødd tilbake i føringa minuttet på overtid, men keeper redda og på den neste corneren fekk Vidar frispark.

Dermed kasta Hødd vekk to nye poeng. Dei blåkvite klarte heller ikkje denne gongen utnytte dei etter kvart mange sjansane laget produserte, og vart til slutt straffa for det.

Kampfakta:

2.-divisjon avdeling 2, runde 6

Hødd – Vidar 1 – 1 (0-0)

Høddvoll, 1177 tilskodarar og sesongkort.

Dommar: Andre Knudsen Arnholt, Østsiden Askøy FK

Gule kort: Vetle Hellestø, Marius Hagen, Joakim Wrele, Bjarte Christian Egeland

Mål: 1-0 Markus Naglestad (68), 1-1 Emil Vian Randulff (89)

Hødd: Ole-Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Preben Sætre, Marius Hagen, Joakim Wrele, Bendik Rise, Johannes Sundgot (Eirik Franke Saunes 84) – Robin Hjelmeseth (Joachim Osvold 67), Markus Kvame Naglestad