Hødd reiste til Oslo for å spele denne seriekampen, nærare bestemt til bydelen Alna. På Haugerud kunstgress skulle dei blåkvite prøve å hamle opp med laget som kanskje har det mest spesielle namnet av divisjonskollegaene i 3. divisjon. (Meir om det i siste avsnitt før kampfakta).

Men det blei ikkje poeng på Hødd denne gongen heller.

- Diverre blei det null poeng. Det er sjølvsagt veldig skuffande, men gutta står på og jobbar hardt. Vi er rett og slett betre enn Rilindja i dag, men blir tatt på enkle feil, seier trenar Sander Håskjold Nyland til Vikebladet Vestposten.

Hødd best i det meste - men ikkje framfor mål

Håskjold Nyland og hans menn skulle prøve å "reise kjerringa" etter eit pinleg stortap borte mot Ullern for to serierundar sidan, og eit knepent tap heime på Høddvoll mot Lokomotiv Oslo. Med berre eitt poeng på dei fem første serierundane var det ikkje noko anna enn siger som var godt nok.

I store delar av første omgang kunne det også sjå ut til at Hødd kunne klare å ta med seg noko frå denne kampen. Diverre fekk Rilindja eit straffespark etter 35 minutt. Bardh Shala stilte seg opp ved kritmerket og banka inn 1-0.

- Vi var gode og heilt klart det førande laget fram til dei fekk straffespark. Straffesparket blei til fordi vi blei litt for heite i eigen boks. Frå då dei sette i mål straffen, og inn til pause, blei vi litt utolmodige og urolege i vala våre. Det gjekk sjølvsagt også inn på oss og fekk følgjer for prestasjonane våre.

Fem minutt før pause kunne Xhanin Bajramaj banke inn 2-0.

- Dei får 2-0 på eit reint balltap på vår eigen 16 meter. Der blei vi tatt på å spele med for stor risiko, seier Sander Håskjold Nyland.

Pausesnakken hjelpte - ei stund

- Vi gjekk til pause og prata med om dei gode periodane våre. Eg føler gutta responderte godt på det som blei sagt. Vi starta andre omgang på same måten som vi gjorde i første, og køyrde på. Men på same måte som i første omgang, var vi knallgode fram til vi kom til siste tredelen på bana. Vi fekk masse rom, som vi også utnytta, men då vi kom til siste tredelen stoppa det opp, og blei upresist, seier Håskjold Nyland.

Så fekk Rilindja 3-0 etter 75 minutt. Mot spelets gang, meiner Hødd-trenaren.

- Ja, det var det. Så fekk vi eit såkalla "trøystemål" mot slutten, då Peter (Saunes Hasund) scora. Eg må seie at eg sit med ei kjensle av at det er ganske utruleg at vi reiser heim med null poeng i bagasjen. Vi blei hardt straffa i dei mindre gode periodane våre, og gjer for enkle feil, seier han.

Trenaren meiner likevel at denne kampen, og førre mot Lokomotiv Oslo på Høddvoll, var eit solid steg opp frå marerittet borte mot Ullern.

- Heilt klart. Vi veit at 3. divisjon er knalltøff, og om ein ser på prestasjonane var måten vi spelte på i dag og førre gong mot Lokomotiv kraftige steg i riktig retning. Så gutta har respondert på det som skjedde mot Ullern. Diverre blei det null poeng i dag også, og det er sjølvagt ikkje godt nok. Gutta jobbar knallhardt, og fortener ros for innsatsen, men det er klart vi håpte på tre poeng i dag, seier Sander Håskjold Nyland og legg til:

- Dette var eigentleg ein kamp der vi tok initiativet frå start av. Vi var det førande laget, men vi fekk ikkje utteljing for sjansane vi skapte. Vi kom til flerie opne skotmoglegheiter inne i og utanfor seksten. Så burde vi kanskje også hatt eit straffespark. Men, vi får ikkje utteljing. Vi må berre reise heim og førebu oss på neste match.

Laget med det spesielle namnet

Du lurer kanskje på korleis i all verda eit Oslo-lag har fått eit så spesielt namn? Svaret får du under.

Rilindja IL blei til i 1987. Ein gjeng albanske gjestearbeidarar hadde fleire år før dette samla seg på Tøyen for å kople av etter lange arbeidsdagar. Fotballen blei eit botemiddel i saknet etter familien heime i Albania. Etter at fotballaget blei til har Rilindja kjempa seg oppover i divisjonane, og no møter dei altså Hødd 2 og andre lag på samme nivå, i 3. divisjon. Laget har i dag spelarar frå mange ulike nasjonar.

(Kjelde: Heimeisida til Rilindja IL).

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen avdeling 1

Rilindja - Hødd 2 3-1 (2-0)

Haugerud kunstgress

Dommar: Eirik Wisted-Thu, Ready

Mål: 1-0 Bardh Shala (35), 2-0 Xhanin Bajramaj (40), 3-0 Bardh Shala (75), 3-1 Peter Saunes Hasund (89)

Hødd (3-5-2): Joakim Goksøyr Ulstein - William Fjørtoft, Peter Saunes Hasund, Elias Martin Flø - Bastian Myklebust Rasmussen, Bam Hide, Eirik Franke Saunes, Petter Haddal Worren, Sander Djupvik - Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui

Innbyte: Isak Endal, Ola Heltne Nilsen, Isak Haanes, Tobias Hatløy, Thomas Malins