- Dette var ein viktig siger, sa trenar Torbjørn "Tobben" Rekdal jr. til Vikebladet Vestposten per telefon etter kampslutt.

Han fortel at Hødd møtte eit lag som likar å trille mykje ball.

- Vi for vår del skapte sjansar med å heile tida true i bakrom. Vi skapte difor ein del store sjansar, men diverre klarte vi ikkje å setje flesteparten av dei. På eitt tidspunkt kom vi åleine med keeper, men heller ikkje då lukkast vi med å score, seier "Tobben".

Like før halvtimen var spelt fekk Hødd endeleg hol på byllen. Caroline Overvåg sette ballen i mål, til stor jubel frå Hødd-leiren. Men 0-1 skulle ikkje stå seg til pause. For ut av intet kom utlikninga frå heimelaget. Kristine Ødegård sørga for balanse igjen, med si scoring etter 42 minutt.

- Blindheim/Fortuna produserte eigentleg ingenting farleg i første omgang. Så det målet kom verkeleg ut av intet, seier Hødd-trenaren.

Byte av keeper og ny Hødd-scoring

Larsnes-jenta Lene Mari Myklebust måtte diverre ta av seg keeperhanskane i pausen då ho hadde fått ein skade. Medspelar Gro Elise Aksnes tok på seg hanskane og gjorde med det eit aldri så lite comeback mellom stengene.

- Vi hadde rimeleg god kontroll også i andre omgang, og scoringa til Astrid sikra oss ein viktig siger, seier Torbjørn "Tobben" Rekdal jr.

For etter rundt 60 minutt var Astrid Oline Roppen resolutt, og sikra Hødd 1-2. Det resultatet stod seg også heilt til slutt.

- Om vi skal vere med og kjempe heilt i toppen av denne divisjonen, så må vi vinne slike kampar. Eg føler vi viste kva som bur i oss i dag, men vi skal bli betre og betre med tida, seier Rekdal og legg til:

- Vi har i alle fall gjort dei som tippa oss på 3. eller 4. plass i avdelinga til skamme så langt. Så får vi berre håpe og tru at vi skal halde fram med det.

Hødd ligg i skrivande stund på andreplass i 3. divisjon med 11 poeng, à poeng med førsteplasserte Volda, som har betre målforskjell. Men, Hødd har éin kamp til gode på serieleiaren.

Kampfakta

3. divisjon kvinner

Blindheim/Fortuna - Hødd 1-2 (1-1)

Dommar: Richard Olsen, Åmdal IL

Mål: 1-0 Caroline Overvåg (28), 1-1 Kristine Ødegård (42), 1-2 Astrid Oline Roppen (60)

Hødd: Lene Mari Myklebust - Vilde Sundal, Merethe Molvær Terøy, Gro Elise Aksnes, Cecilia Bakke - Marte Vik, Andrine Nevstad, Therese Holstad, Anna Nerland Aahjem - Anna Thunem, Caroline Overvåg

Innbyte: Pia Brandal, Ellen Nerland Aahjem, Johanne Helvig og Astrid Oline Roppen.