3.-divisjon kvinner:

Hareid-damene tek onsdag imot Ravn heime på Hareidsmyrane i 3.-divisjon kvinner. Hareid tapte 0-4 for Hødd 16. mai, men vann to kampar på rad før lokaloppgjeret. Haram-laget Ravn har berre fått med seg tre poeng så langt denne sesongen, og mellom anna tapt klart for både Volda og FK Sykkylven. No kjem laget frå eit 0-1 tap for HaNo sist veke.

Også Hødd-damene skal i aksjon onsdag, borte mot Blindheim/Fortuna. Etter sigeren over Hareid er Hødd oppe på ein andreplass i avdelinga, to poeng bak Volda som har spelt ein kamp meir. Hødd har framleis til gode å tape denne sesongen og kan sikre sin tredje strake siger i serien onsdag kveld.

Då må dei slå eit Blindheim/Fortuna-lag som slo Brattvåg heile 7-0 på bortebane sist veke. Det var Blindheim/Fortuna sin første siger denne sesongen. Laget har tidlegare spelt uavgjort mot HaNo og tapt for både Volda og Hareid.

6.-divisjon avdeling 3:

Hasundgot fekk seg ei ekstra lang kamppause etter 2-2 kampen mot Hødd 3, då 16. maikampen mot Hareid 2 vart flytta til 27. juni.

Onsdag skal Hasundgot ut i bortekamp mot Gjerdsvika/LGFK2 på Storøyra gras, og med siger kan Hasundgot ta over tabelltoppen frå Vanylven FK. Gjerdsvika/LGFK 2 har tapt både mot Hødd 3 og Vanylven FK så langt denne våren.

Hasundgot har framleis til gode å tape, etter sigrar over Bergsøy 2 og Tjørvåg, før det blei uavgjort borte mot Hødd 3.

Telenor Cup NM G19:

Hødd-rekruttane reiser onsdag til Stryn for ny runde i G19 NM. Laget slo ut Spjelkavik på bortebane sist runde, i ein målrik bortekamp der Hødd til slutt vann 4-3. Då scora Bam Hide to mål, medan Tobias Pettersen Hatløy og Peter Saunes Hasund scora dei to andre. Vinnarmålet frå Bam Hide kom først to minutt på overtid.

Stryn slo ut Volda etter ein 4-2 siger på bortebane sist runde.