Waage fortel at Ravn leia til pause, men ikkje fordi Hareid spelte dårleg. Det handla meir om effektivitet.

- Vi produserte 10-12 enorme målsjansar, og burde heilt klart sett ein eller to ballar i nettet. Dei kom fram til ein einaste sjanse, og den scora dei på. Du kan seie det var surt å gå i garderoben, vel vitande om at vi heilt klart burde leia kampen, seier Anita Waage.

Sjølv om det var nærmast total einvegskøyring gjennom omgangen, var det altså Ravn som lukkast i å setje ballen i mål.

Pausesnakken hjelpte på

Over i andre omgang kom Hareid laget på bana igjen med eit klart mål. Å score mål.

- Vi snakka mest om at vi måtte halde på trua, og ikkje minst, halde tempoet oppe, seier Anita Waage.

Ho fortel at ho såg spelarane klare å etablere eit press på Ravn igjen, slik som i første omgang.

- Så gjorde eg eit trekk med å leggje om til tre forsvararar siste halvtimen. Det gav god effekt, for å seie det slik, seier Waage og flirer.

Jubla for tre poeng til slutt

For i det 67. speleminutt dukka målfarlege Victoria Røren opp, sette inn det forløysande målet, og sikra med det 1-1 og balanse i rekneskapen. Nøyaktig ni minutt etter fekk dei rundt 40 frammøtte på Hareidsmyrane meir å juble for. For då sette Hanna Holstad Grimstad inn 2-1!

- Vi produserte målsjanse etter målsjanse, og til slutt måtte det nesten føre til at vi scora mål også. Vi dytta laget litt opp i banen ved å gamble på tre i forsvar siste halvtimen, slik vi fekk større press i angrep. Det gjorde at vi fekk overtal, og at vi til slutt kan juble for tre viktige poeng. Dette var ein type motstandar det er ekstra viktig å ta poeng frå i årets serie, seier Anita Waage.

Som seier at målsettinga framleis er at laget skal halde seg i 3. divisjon.

Kampfakta

3. divisjon kvinner

Hareid - Ravn 2-1 (0-1)

Hareidsmyrane kunstgrasbane

Dommar: Taher Tamimi, Ørsta IL

Tilskodarar: 40

Mål: 0-1 Sonja Ulvestad (14), 1-1 Victoria Røren (67), Hanna Holstad Grimstad (76)

Hareid (4-4-2): Linn Håberg Dimmen - Sigrid Petronille Pedersen, Amalie Hong Hansen Koppen, Ingvild Pedersen, Silje Årsbog Bjåstad - Shaajeena Jeyathas, Kristin Marø, Matilde Hassel, Cecilie skeide - Victoria Røren, Hanna Holstad Grimstad

Innbyte: Andrine Myrene Teigene, Martine Svendsen Holstad, Maria Juul Hansen, Gunhild Botnen Feiring, Elen Alme