- Ja, med tanke på at dette var vår første kamp på gras i år, er eg veldig, veldig fornøgd med resultatet, seier trenar Øystein Bohinen Muren.

Han meiner laget starta kampen litt rotete, sjølv om gjestane hadde ein viss kontroll frå start av på samarbeidslaget Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 2.

- Eg vil eigentleg seie at vi har stålkontroll på det meste gjennom heile kampen, men vi kunne vore litt meir strukturerte i starten. Vi skapte så mykje her i dag at eg meiner vi burde vunne med tosifra, seier Bohinen Muren.

Viktig med rotasjon

Sebastian Moldskred Kleven ordna Hasundgot sitt fyrste mål for kvelden i Gjerdsvika. Kaptein Ruben Hauge Muren følgte på med å setje både eitt og to til før pausesignalet kom. Allereie her følte Hasundgot at slaget var vunne. Men, gjestane hadde lyst på fleire mål.

Og dei skulle det bli fleire av.

Over i andre omgang bytta Øystein Bohinen Muren ut store delar av laget, slik at flest mogleg fekk spele.

- Heldigvis har vi lov til å byte så mykje vi vil i 6. divisjon. Eg meiner det er viktig å la flest mogleg få sleppe til, og spesielt då i ein kamp som vi har god kontroll på, seier trenaren.

Thomas Gjerde sette inn 0-4. Så kom kampens nest siste nettkjenning. Eit mål av det særs flotte slaget. Jørgen Skogestad Kleiven gjorde som så mange andre dyktige spelarar med talet ni på ryggen har gjort før han, han banka til og sette ballen i mål på vakkert vis. Ei kanonkule rett i vinkelen, og 0-5. Svein Eirik Ertesvåg fastsette sluttresultatet til 0-6, minuttet før full tid.

- Før kampen, på papiret, meinte eg vi var det beste laget, og no fekk vi også bekrefta det i sjølve kampen. Eg er veldig nøgd med sigeren, og no skal vi jobbe på vidare.

Kampfakta

6. divisjon avdeling 3

Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 2 - Hasundgot 0-6 (0-3)

Storøyra Gras

Dommar: Per Inia Brekke, Hareid IL

Gule kort: Frants Leine Mork (GIL/LGFK 2), Mats Bigset (Hasundgot)

Mål: 0-1 Sebastian Moldskred Kleven (23), 0-2 Ruben Hauge Muren (30), 0-3 Hauge Muren (36), 0-4 Thomas Gjerde (58), 0-5 Jørgen Skogestad Kleiven (61), 0-6 Svein Eirik Ertesvåg (89)

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven - Ivar Andre Aadland, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Iver Franke Saunes - Joachim Sundgot Gustavsen, Sebastian Moldskred Kleven, Thomas Edvard Gjerde, Nicolai Haddal Molvær - Jørgen Skogestad Kleiven, Ruben Hauge Muren

Innbyte: Svein Eirik Liaset Ertesvåg, Kim-Rune Hansen, Mats Bigset, Ronny Jørgensen, Cato Veien, Trond Haugland, Bjørn Inge Tenfjord