For la oss ta det først: Cup er kjekt, men det er og blir ein bonus for Hødd denne sesongen. Målet er opprykk til Obosligaen. Målet er å kome seg tilbake til toppfotballen.

Skal Hødd ha sjansen til å klare det, til å vere på tabelltopp 27. oktober, eller i det minste på andreplassen som sikrar kvalifisering, så må laget levere stabilt betre enn det ein har gjort så langt.

Ni poeng på seks kampar er nemleg ikkje så mykje å juble over. Spesielt ikkje når ein ser litt på kven Hødd har spelt mot.

Betre blir det ikkje når ein veit kor godt Hødd kan levere. Sjå berre på cupkampane mot Florø og Kristiansund. Mot Florø var Hødd best i 120 minutt, mot KBK hadde dei blåkvite så godt som full kontroll på eit Eliteserielag kampen gjennom. I tillegg tok Hødd vare på sjansane sine. Det er dessverre ikkje kvardagskost.

For akkurat det med å ta vare på sjansane sine ser ut til å vere Hødd si største utfordring.

Åtte mål har det blitt på dei seks første kampane. Tre av dei i seriepremieren mot Stjørdals-Blink. To mot eit svært ungt VIF 2, som likevel heldt på å stele med seg poeng frå eit svakt Hødd-lag.

To sigrar har det blitt så langt for Hødd. I seriepremieren og mot VIF 2. Tre kampar har enda uavgjort, og borte mot KFUM Oslo vart det tap.

I serien har Hødd eigentleg berre spelt ein skikkeleg solid kamp og det var i serieopninga.

Ikkje at Hødd nødvendigvis har vore dårlege i alle kampane der det ikkje har blitt siger. Faktisk har dei blåkvite tidvis vore svært gode, men det betyr så lite når ein ikkje klarar å overføre dette til scoringar og poeng.

Det er ei slags trøyst at Hødd har skapt mykje i dei fleste av kampane sine. Nok til at både Vard, VIF 2 og Vidar burde vore sendt heim med ein solid smekk. I staden har to av dei fått med seg poeng, og juniorane til VIF hadde poeng i lomma til det var spelt seks minutt overtid på Høddvoll.

Berre i løpet av den andre omgangen mot Vidar skapte Hødd åtte store målsjansar. Det er vanlegvis nok til minst to mål, og med god effektivitet kan ein gjerne håpe på endå eit mål eller to.

Effektivitet har dessverre vore eit framandord på Høddvoll så langt i år. Når dei blåkvite tidvis produserer ti eller fleire store målsjansar, men kanskje berre scorar på ein av dei, eller i verste fall på ingen, så gjer ein det vanskeleg for seg sjølv.

Etter kampen mot Vidar søndag slo Joakim Wrele fast: «Vi er forferdeleg dårlege framom mål».

Slik kan ikkje Hødd halde fram. Til no har dei kasta vekk poeng mot både Vidar og Vard. Vard som har 14 baklengsmål på seks kampar, men som kom frå kampen på Høddvoll utan ei skramme.

Med normal effektivitet hadde nok Hødd fått med seg minst eit poeng borte mot KFUM også. Då kunne Hødd hatt kommandoen i avdelinga i staden for å måtte halse etter Oslo-laga i toppen.

Heldigvis har også resten av laga på øvre halvdel gitt vekk poeng i starten på sesongen, og det som kunne ha vore ei skikkeleg luke er berre tre poeng. Men det er først no Hødd verkeleg skal få bryne seg. No ventar kampar mot Brattvåg, Bryne og Arendal før fjererundekampen mot Bodø/Glimt i NM. Etter cupkampen ventar Skeid på bortebane.

Cup er kjekt, men for min del er det ingen tvil om kva som bør vere hovudprioritet for Hødd. For det som skjer i serien må vere viktigast for Hødd. Cupen er ein bonus.