Engelskmann blir ny assistenttrenar for Hødd for ein periode:

Burchnall blir assistenten til Eid

Sander Håskjold Nyland skal opererast og blir ute ei stund, og Hødd får dermed inn Ian Burchnall som vikarierande assistent i ein periode.

Ian Burchnall frå tida då han var hovudtrenar i Viking.  Foto: Carina Johansen/NTB Scanpix.

Sport

Engelskmannen Ian Burchnall og Hødd har vorte einige om eit vikaropphald for Ian i Ulsteinvik mellom 10. og 24. juni. Dette vil i hovedsak vere som erstatning for Sander Håskjold Nyland, som vert borte ei periode etter ein operasjon. Det skriv Hødd i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Assistent på A-laget

Ian Burchnall skal ha hovedfokus på å vere Sindre Eid sin assistent på A-laget. Samstundes er han svært interessert i å nytte mykje tid på feltet på alle nivå, skriv Hødd i pressemeldinga. Hødd håper at mange kan dra nytte av hans kunnskapar.

Den sympatiske engelskmannen har tidlegare jobba i akademia til Leeds United og Bradford City i England og han har vore assistenttrenar i Sarpsborg og Viking, samt hovudtrenar i Viking inntil i fjor haust.

Svært nøgd sportssjef

Sportssjef André Nevstad er svært nøgd med å ha fått på plass ein kompetent mellombels erstattar for Håskjold Nyland.

- Ian var på besøk med oss for nokre år tilbake, og vi har sidan då hatt god kontakt med han - også når han trente Sarpsborg og Viking. Han er ein flott fyr som har mykje erfaring og kompetanse, samt eit stort engasjement for fotball og spelarutvikling. Seinast i mars besøkte han oss på treningsleiren vi hadde i Luton, så han er ikkje heilt ukjent med dagens tropp.

- Når Sander no blir ute ein periode på grunn av ein operasjon i hofta, var det naturleg for oss å spørje Ian om han kunne tenkje seg å bidra i denne perioden. I tillegg til å bidra inn mot A-laget saman med Sindre og resten av hans team, har han også lyst til å engasjere seg på feltet inn mot andre lag i klubben når det er tid til det.

- Vi er sjølvsagt veldig glade for at Ian steppar inn som vikar i denne perioden og med det bidreg med sin kompetanse og sitt engasjement, og vi ønskjer han hjarteleg velkomen til Høddvoll, seier Nevstad.

Ian sjølv gler seg til å kome til Ulsteinvik.

- Gjennom mi tid i Noreg har eg fått eit godt forhold til mange i Hødd og eg gler meg verkeleg til å kome til Ulsteinvik og hjelpe klubben denne korte perioden. Eg håper eg kan tilføre nokre nye idéar til Sindre og Sander sitt allereie svært gode arbeid. I tillegg håper eg at eg kan bidra på mange nivå, seier Burchnall.