Sjølv om Hareid-laget har spelt fleire gode kampar denne sesongen, har ikkje marginane vore på deira side. Før kampen mot Godøy låg dei sist på tabellen med 0 poeng, men kunne med siger gå forbi både Godøy og FK Sykkylven på tabellen.Hareid fekk ein verst tenkeleg start i «6-poengskampen» mot Godøy. Etter 3 minutt fekk gjestane frispark frå om lag 25 meter.  Frisparket gjekk over muren og  forbi Sigve Overå Hide i Hareid-målet. Hareid kom seg til ein stor sjanse like etter scoringa, men det neste kvarteret var det gjestane som hadde eit lite overtak i kampen.

Snuoperasjon

Etter 20 minutt kom Bendik Engen seg til ein stor sjanse. Ein lang ball frå Lars Roar Holstad gjekk gjennom forsvaret, og vidare til Engen som storma framover langs kanten. Engen fekk avslutta frå skrått hald, men forsøket gjekk i nettveggen.Hareid tok meir og meir over spelet, og allereie etter 26 minutt fekk dei betalt. Hareid hadde mange mann inne 16-meteren og gjestane sleit med å få klarert ballen etter eit innlegg. Ballen enda til slutt i beina til Ola Kalvø Vattøy, som avslutta kontrollert i lengste hjørnet. Keeperen fekk ei hand på ballen, men på returen frå August Brandal var han sjanselaus. Hareid fortsette å presse gjestane, og med 10 minutt igjen av 1.omgang fekk dei frispark i farleg posisjon. Ruben-Kenneth Brandal klinka ballen i lengste stolpe og ut. Ei Hareid-scoring låg i lufta, og det gjekk ikkje lenge før målscorar August Brandal kunne juble for scoring nummer to.

Brandal fekk ein lang ball i bakrom, og Hareid-vingen regelrett parkerte Godøy-forsvaret før han la ballen kontrollert forbi keeper og i mål. Hareid hadde snudd kampen, og kunne gå til pause på stillinga 2-1.

Høg temperatur og store sjansar

Sjølv om 2.omgangen vart mållaus, var den minst like spennande som den fyrste. Heimelaget varta opp med fleire fine angrep og godt spel. Bendik Engen, Henrik Holstad og Ruben-Kenneth Brandal hadde alle sine sjansar, men Hareid greidde likevel ikkje å punktere kampen.For kvart minutt som gjekk auka temperaturen i kampen.  Med 2-1 og viktige poeng på spel, vart det uhyre spennande mot slutten av kampen.Drøye 10 minutt før slutt sette gjestane ein støkk i heimelaget når ein volley trefte utsida av stolpen. Heimelaget slapp med skrekken, men det var intense sluttminutt der Godøy pressa på for utlikning. Hareid stod imot presset frå gjestane og kriga for å sikre seg alle tre poenga. Godøy kom ikkje nærare enn stolpetreffet og dermed kunne Hareid juble for sesongens fyrste trepoengar.

-Veldig deilig!

Hareid har ikkje hatt mykje å juble for så langt i år, men dei har levert fleire gode kampar og har utan tvil fortent å ta poeng i fleire av dei. I dag løsna det endelig for dei raudkledde, og stemninga i garderoba var elektrisk etter kampslutt.

-Det var utruleg deilig å vinne i dag. Vi har jobba hardt, og gutane har stått på i alle kampane og på kvar einaste trening veke inn og veke ut. Alle som har holdt på med fotball veit kor viktig det er å få ein slik siger og då få bekrefta at vi er gode nok til å vinne fotballkampar. Eg unnar alle i gruppa denne seieren i dag, dei har stått på og gitt alt dei kan for å få desse tre poenga, sa ein sprudlande Moldskred etter kampen.

Hareid skal i dei neste to kampane møte Valder og Sykkylven, to kampar som kan bli avgjerande i kampen om å halde seg i 4.divisjon

Kampfakta:

4.-divisjon

Hareid - Godøy 2 - 1 (2-1)

Hareid stadion

Mål: 0-1 Viktor Hoff (3), 1-1 August Brandal (26), 2-1 August Brandal (42)

Hareid: Sigve Overå Hide - Håvard Knudsen Bjåstad, Lars Roar Holstad (Benjamin Reite), Martin Nikolai Longva, Nauris Driksna - Bendik Engen, Ruben-Kenneth Brandal, Ola Kalvø Vattøy, Andreas Nesset, Henrik Holstad (Kim André Lid Alvestad) - August Brandal (Martinus Røyset Bakken)