Det er to lag som begge jaktar sesongens første siger som møtast på Hareid stadion torsdag kveld. Hareid ventar også på sesongens første poeng, medan gjestane frå Godøya berre har plukka med seg eitt poeng så langt denne sesongen.

Dermed er det ein svært viktig kamp for begge lag og ein kamp om å nærme seg laga midt på tabellen.

Sist veke vart det klare tap for både Hareid og Godøy. Hareid låg under heile 6–0 før to seine reduseringar pynta litt på resultatet borte mot Rollon, medan det blei tremålstap 1–4 for Godøy i lokaloppgjeret mot Valder.

Godøy sitt einaste poeng så langt denne sesongen kom heime mot LGFK. Elles har det blitt tap for SIF/Hessa, Emblem, Rollon og no sist mot Valder.

Hareid har gått på fem strake tap, men var ikkje langt unna poeng både mot SIF/Hessa og Larsnes/Gursken.

No er spørsmålet om det blir ein målrik kamp på Hareid stadion torsdag. Begge lag er nemleg i toppen når det gjeld baklengsmål. Hareid har flest så langt med 19, medan Godøy med sine 14 har tredje flest baklengsmål så langt. Godøy er også blant laga som har scora færrast mål så langt, men dei fleste av dei har kome på bortebane. Zoran Milovic er laget sin toppscorar med tre mål.

Dei to siste sesongane har Hareid og Godøy vunne to kampar kvar. I 2016 vann Hareid på Godøya, medan Godøy vann heile 4–0 på Hareid. I fjor vann begge lag sine heimekampar.