Hødd hadde sjansen til å blande seg inn heilt i toppen av avdelinga sist serierunde, men eit skuffande 1–1 resultat mot Vidar sørga for at dei blåkvite ligg midt på tabellen før bortemøtet med Brattvåg laurdag.

Må tilrive seg initiativet

Heime har Hødd fått styre kampane mykje som dei ønskjer, mot lag som har lagt seg lågt i banen og satsa mest på kontringar. Truleg blir det ikkje heilt slik i Brattvågen.

– Vi ønskjer jo, også på bortebane, å ta tak i kampen og vere med på å prege og styre kampen. Her heime er det mange lag som gir oss initiativet, mot Brattvåg må vi nok i større grad tilrive oss initiativet, og då er det vår dyktigheit som avgjer om det er vi som fører kampen, fortel Hødd-trenar Sindre Eid.

Etter kampen mot Vidar sist søndag var Eid lite fornøgd med det laget leverte, spesielt i starten på kampen. No meiner han biletet er noko meir nyansert.

– Det var ikkje slik at det spruta av oss, men vi spelte klokt og skapte nok sjansar. Vi kunne fort ha tatt leiinga i førsteomgangen og vi kontrollerte kampen. Hadde vi vunne 3 eller 4–0 som vi skulle ha gjort så kunne vi sagt at det var ein perfekt heimekamp.

To lag med høgt toppnivå

I staden sørga eit ineffektivt Hødd-lag for ein del frustrasjon både på benk og tribune. Utover i andreomgangen sløste Hødd med sjansane. Det kan ein nok ikkje gjere dersom ein ønskjer å ta tre poeng mot eit Brattvåg-lag som har slått ut Molde og spelt jamt med Rosenborg i NM.

– Det er to veldig gode lag som møtest. Begge har prestert litt ujamt i serien, men samstundes har vi vist at vi har eit veldig høgt toppnivå. Det har Brattvåg også gjort. For vår del er det manglande effektivitet som er der skoen trykker. Og mot eit så godt lag som Brattvåg på bortebane kan vi nok ikkje forvente å skape like mange målsjansar som vi har gjort i ein del andre kampar. Då må vi sette dei sjansane vi får og vere meir effektive, seier Eid.

Kanskje kan det hjelpe at Hødd-spissane denne veka har fått bryne seg på ein norsk landslagskeeper? Denne veka har nemleg Ørjan Håskjold Nyland trent med gamleklubben før han reiser på samling med det norske landslaget.

Også mot Brattvåg vil Hødd kome opp mot fleire kjente ansikt. Både Sondre Beite og Hugues Wembangomo spelar for gultrøyene. I tillegg spelte Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft for Hødd i 1995, samt at han var med som assistenttrenar hausten 2016.

– Ei veldig utvikling

Ser ein vekk frå kampane mot Molde og RBK i cupen, vil nok heimekampen mot Hødd vere blant kampane Brattvåg har minst problem med å motivere seg til denne sesongen.

– Dette blir eit skikkeleg lokaloppgjer. Vi må reise dit og vere veldig klare for ein skikkeleg «fight». Noko anna er ikkje aktuelt, slår Sindre Eid fast.

Og Hødd-trenaren er heilt sikker på at Hødd ikkje får det enkelt mot laget som spelte 3.-divisjon i fjor.

– Vi skal ha full respekt for Brattvåg. Dei har hatt ei veldig utvikling i klubben, dei har mange gode spelarar og ressursar til å satse. Det blir ein tøff kamp, men vi meiner vi har eit så godt mannskap at vi sjølvsagt reiser dit med mål om siger, seier Eid.

Sist helg tapte Brattvåg 1–2 for Bryne og før det spelte laget uavgjort mot Vidar på bortebane, men Brattvåg har slått både Vard Haugesund og VIF 2 på bortebane denne sesongen.

For Hødd er Daniel Eid framleis ute med karantene etter det raude kortet han fekk mot Egersunds IK. Eid er klar for spel etter Brattvåg-kampen. Andreas Breimyr er uaktuell og kan vere ute i mellom ein og to månader med ein skade i låret.

Rekruttane møter Follo

Søndag ettermiddag har Hødd 2 heimekamp på Høddvoll mot Florø. Då blir det topp mot botn på Høddvoll, for Follo toppar avdelinga med 16 poeng.

Trener med gamleklubben: Ørjan Håskjold Nyland er ferdig med sesongen i tyske FC Ingolstadt. Denne veka er trener han med Hødd som opplading til landskampane mot Island og Panama. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Duell: Joachim Osvold jagar Daniel Eid mot eige mål under treninga torsdag. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes