Hødd makta å setje heile fire ballar i målet bak Molde sin utlånte brasilianar Neydson Da Silva i dette oppgjeret.

- Dette var ein imponerande prestasjon, vil eg seie. Vi fekk endeleg skikkeleg utteljing på sjansane våre, og scora fire fine mål, seier Eid.

Det er nettopp dette som har vist seg å vere litt vanskeleg for Hødd å få heilt til i tidlegare oppgjer denne sesongen, men mot Brattvåg kom den berømte "ketsjup-effekten".

- I motsetning til i dei andre kampane våre i år trengte vi færre moglegheiter i dag på å setje ballen i mål. Vi hadde førebudd oss veldig godt på denne kampen, og eg føler vi kjente styrkane og svakheitene til Brattvåg godt. Vi fekk etablert eit solid forsvarsspel der vi nekta dei å kome fram til spesielt store sjansar. Vi var kompakte og aggressive. Offensivt sleit vi litt heilt i starten, men der kom vi jo som ein kan sjå etter kampen, godt i gang etter kvart, seier Sindre Eid nøgd.

- Spelarane skal ha honnør

Hødd-trenaren ønskjer å trekkje fram innsatsen til spelarane sine.

- Dei skal verkeleg ha all honnør i for korleis dei gjennomførte kampen, og korleis dei gjennomførte kampplanen.

Den defensive tryggleiken Hødd har vist er eitt av dei avgjerande elementa i prestasjonen mot Brattvåg, meiner Eid.

- Vi har sleppt inn lite mål på dei siste ni kampane, så det var ikkje så veldig overraskande at vi klarte å halde nullen. Det har nok også litt med at vi var ekstra skjerpa i dag, seier Eid.

Han innrømmer at det smakar godt å vinne lokaloppgjeret.

- Sjølvsagt er det viktig å vinne eit lokaloppgjer, slik som dette. Men så har vi også i bakhovudet at skal vi vere med og kjempe om opprykk, så må vi spele godt. Det gjeld uansett kva for motstandar vi møter. Brattvåg var ein motstandar på lik linje med alle andre, men for oss her lokalt er det sjølvsagt litt ekstra kjekt å vinne fylkesduellen i 2. divisjon.

Eid fortel at Hødd allereie vender blikket vidare mot oppgjeret mot Bryne heime på Høddvoll neste søndag.

- Vi må jobbe hardt i kvardagen. Vi har eit ungt lag, som er i utvikling heile tida. På dei siste tjue kampane i serie og cup har vi kun tapt éin kamp, og det er ein vanvitig god statistikk. Gode kampar slik som denne gir oss motivasjon til å halde fram med å utvikle oss, og no er det Bryne heime som gjeld, seier Eid.

Godt å vise kven som er storebror

I forkant av kampen fortalde tidlegare Hødd-spelar Hugues Wembangomo til Sunnmørsposten at han meinte Brattvåg var betre enn Hødd, spelar for spelar. Akkurat det fekk fleire til å rynke litt på nasen, inkludert Hødd sin solide midtbaneterrier Joakim Wrele.

- Eg var litt overraska då eg las at Brattvåg meinte dei var det indiviuelt beste laget. Vi på vår side valte å fokusere på at Brattvåg er ein tøff motstandar. Det var difor litt ekstra kjekt å faktisk vise Brattvåg at Hødd er best, også spelar for spelar, seier Wrele.

Svensken fekk seg også eit mål mot Brattvåg, då han var på rett plass til rett tid etter 22 minutt. Eit langt innlegg kom heilt fram til Wrele på bakarste stolpe, som kom stupande inn og dytta ballen over målstreken med hovudet.

- Det var herleg å score. Eg hadde nok litt flaks, men eg var jo på rett plass til rett tid, seier Joakim flirande.

Som også følte han måtte seie noko om Preben Sætre, som scora sitt fyrste mål for Hødd laurdag, sitt mål om å score fleire enn han.

- He-he, det skal vi bli to om. Eg må innrømme at hans scoring øydela gleda mi over å ha scora litt. Men berre litt, sa Wrele og la til:

- I dag vann vi ein solid lagsiger.

Med sigeren over Brattvåg ligg Hødd på 3. plass, med 12 poeng. Heilt på topp finn ein Skeid, medan KFUM ligg på andreplass, med same talet poeng som Hødd.