Dette var fylkesduellen mange hadde venta på. På førehand kom det fram at Hødd på ingen måte såg på Brattvåg som ein enkel motstandar. Trenar Sindre Eid meinte at Hødd skulle kunne slå Brattvåg, men at det ville bli tøft. Brattvåg-trenar Karl Oskar Fjørtoft meinte det var viktigare for Hødd å vinne denne kampen, enn det var for heimelaget.

To dødballmål for Hødd

Frå start av i kampen, på solfylte Brattvåg kunstgress, kunne det virke som at Hødd ville forsøke å etablere eit press på heimelaget. Gultrøyene makta å halde på ball dei også, og laga var jamne i opningsminutta. Men så skulle det bli blåkvit jubel i Brattvåg! Etter sju minutt gjekk eit langt innlegg inn i feltet, like framfor Brattvåg-målet. Henrik Breimyr dukka opp der, og stanga ballen vidare mot mål. Ballen gjekk i boge over keeper og inn til 0-1! Ein super start for Hødd, signert midtstopparbautaen.

Etter målet var det framleis ganske jamt mellom laga, og Brattvåg kom fram til eit par halvfarlege nesten-sjansar. Men, Hødd hadde grei kontroll.

Så, etter 22 minutt, fekk Hødd frispark, på perfekt hald for Bendik Rise og hans gode innleggsfot. Han slo innlegget på flott vis, og på bakarste stolpe var det ingen som følgde Joakim Wrele. Svensken gjorde ingen feil, og fekk dytta ballen i mål til 0-2. Brattvåg hadde med det missa i to dødball-situasjonar, noko som Hødd straffa heimelaget knallhardt for.

Etter 37 minut forsøkte Nicklas Rekdal seg med ei skot, men skotet blei enkelt tatt i mot av Hødd-keeper Ole-Monrad Alme. Lite futt i Brattvåg i denne omgangen, og difor gjorde også trenar Fjørtoft to byte etter litt over halvtimen. Ein av dei som kom inn var tidlegare Hødd-spelar Sondre Beite.

Hødd heldt nullen til pause, og scora heller ikkje fleire mål. Men to mål i løpet av første førtifem er veldig godt gjort.

Meir jubel for Hødd

Hødd skaut fart ut ifrå startblokkene i starten av andre omgang, og sette umiddelbart press på Brattvåg. Men heimelaget heldt stand. Heimelaget skapte framleis svært lite. Hødds angripar Markus Naglestad fyrte av langs bakken etter 56 minutt, og Bendik Rise like etter, men begge forsøka var ikkje gode nok.

Så etter 57 minutt skulle Hødd få enno meir å juble for. Eit flott framspel frå Marius Hagen blei av Joachim Osvold tuppa vidare over ein utrusande Brattvåg-keeper framfor eit ope mål, og der kom Preben Sætre i god fart og tuppa ballen i mål til 0-3.

Hødd heldt fram med å presse Brattvåg hardt. Etter 65 minutt kunne Joachim Osvold ha sett inn Hødd sitt fjerde for dagen, då han kom åleine med keeper. Diverre blei avslutninga redda av Molde-utlånte Neydson Da Silva.

Så litt dramatikk. Brattvåg-spelar Nicklas Rekdal fekk direkte raudt kort etter ei stygg takling på Eirik Haugan, etter 72 minutt.

Med ti minutt igjen å spele fekk William Fjørtoft kome på bana for Hødd, då målscorar Preben Sætre gjekk av.

Det tredje bytet gjorde Hødd-trenar Sindre Eid for å få inn litt meir rutine mot slutten. Magnus Myklebust kom inn for Markus Naglestad.

Så skulle det nettopp bli veteranen Myklebust sjølv som sørgja for meir jubel for Hødd, tre minutt før slutt. Myklebust vann ein duell i nærleiken av brattvåg sin sekstenmeter, gjekk inn mot mål og banka ballen i mål til side for keeper til 0-4.

Ein fullt fortent siger til Hødd i fylkesduellen!

Kampfakta

PostNord-ligaen avdeling 2

Brattvåg - Hødd 0-4 (0-2)

Brattvåg kunstgress

Dommar: Harald Røvig Sletner (Rustad IL)

Gule kort: Eirik Haugan, Markus Naglestad (Hødd)

Raudt kort: Nicklas Rekdal (Brattvåg)

Mål: 0-1 Henrik Breimyr (7), 0-2 Joakim Wrele (22), 0-3 Preben Sætre (57), 0-4 Magnus Myklebust (87)

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu - Preben Sætre (Fjørtoft, 82), Joakim Wrele, Marius Hagen, Bendik Rise, Johannes Sundgot - Joachim Osvold (Hjelmeseth, 75), Markus Naglestad (Myklebust, 84)

Innbyte: Jonas Mathiesen, Robin Hjelmeseth, Magnus Myklebust, Badr Rahhaoui, Eirik Franke Saunes, Peter Saunes Hasund, William Fjørtoft