Slitne og fornøgde i spelarbussen etter kampslutt, gjorde Hødd-spelarane seg nokre refleksjonar kring det som til slutt blei ein solid siger over fylkesrival Brattvåg.

Ein mann som nok er ekstra glad er gurskingen Preben Sætre. I eit flott angrep etter 57 minutt, der Marius Hagen spelte vakkert fram til angripar Joachim Osvold, tuppa sistnemnte ballen vidare over keeper, slik den datt ned framfor ope mål. Det var her Sætre dukka opp, og trygt sette ballen i mål til stillinga 0-3. fekk seg eit mål i opp

- Dette var sjølvsagt utruleg kjekt. Det var vel eigentleg litt på tide også, seier Preben Sætre spøkefullt.

For medspelar Joakim Wrele, som heller ikkje har for vane å score så mange mål, noterte seg også for eitt mot Brattvåg, då han sette inn 0-2.

- Eg må nesten gjere det eg kan no for å slå han på målstatisikken, seier Sætre flirande.

- Gøy

Den sindige kantspelaren meiner Hødd presterte godt mot eit Brattvåg-lag som ikkje hang heilt med.

- Det var veldig gøy å spele i dag, i strålande forhold. Eg er veldig stolt av gutta, og eg meiner vi leverte beinsolid. Vi leverte langt betre enn vi har gjort ved fleire høve tidlegare i år.

Veteranen kom inn og scora etter to minutt

Mannen som fekk æra av å setje den famøse "spikaren i kista" var ingen ringare enn veteranen Magnus Myklebust. Også han gursking, dessutan.

Myklebust blei bytta inn i det 84. speleminutt, og berre to minutt etterpå hadde vann han ein duell og avanserte mot mål, før han på godt gammalt vis banka ballen i mål til side for keeper.

- Det er sjølvsagt alltid godt å score mål. Det gir meg motivasjon. Eg vil sjølvsagt spele mykje og då hjelper det jo på å score mål når eg får sjansen, seier Myklebust og legg til:

- Dette var ein viktig siger, og ein meget bra kamp av oss.

Magnus var litt uheldig like før seriestarten, med to-tre veker med litt skadetrøbbel, og det har ikkje blitt så mykje speletid hittil i sesongen.

- Eg vil seie at Hødd i dag har mange gode alternativ på topp, med fleire sterke angrepsspelarar. Det er sjølvsagt bra for Hødd, seier han til slutt.