For «Follolona», som var kallenamnet laget fekk under leiing av Hans Erik Eriksen, fekk problem mot eit effektivt Hødd-lag. Eriksen, som også var Hødd-trenar ein periode for nokre år sidan, var mannen som førte Follo til cupfinalen den gangen.

Best mogleg start på kampen

Allereie etter to minutt skulle Hødd 2 vise at dei hadde all mogleg intensjon om å sikre seg sin første trepoengar denne sesongen.

Veteranen Magnus Myklebust fekk fatt i ballen inne i feltet til Follo etter eit hjørnespark, og klemte til. Ballen gjekk i mål til 1-0 for heimelaget.

Det var heilt tydeleg at gjestane likte å halde på ballen, men gang på gang klarte Hødd å kapre den og køyre på framover i banen. Det var nesten litt utruleg at Hødd nesten trengte ein halvtime på å setje sitt andre mål for dagen, med tanke på sjansane dei skapte. Men det var til gjengjeld eit flott mål som kom.

Bam Hide la eit frispark frå kanten av sekstenmeteren fint inn i feltet, der Robin Hjelmeseth raga høgst av alle. Hjelmeseth stanga ballen i mål til 2-0 etter 27 minutt.

Berre seks minutt etterpå fekk Hødd frispark på omtrent same posisjon. Denne gongen stilte Bam Hide seg opp igjen, men då han plutseleg sprang til sida, skaut Eirik Franke Saunes. Ballen gjekk i mål til 3-0, oppe mot venstre kryss. Ei vakker scoring, sjølv om keeper kanskje burde tima litt betre.

Follo hadde ballen mindre og mindre utover i omgangen, og Hødd på si side full kontroll. Robin Hjelmeseth kunne lagt på til 4-0 etter 42 minutt, men keeper fekk avverga.

Hødd med god kontroll

Over i andre omgang heldt begge lag på høgt tempo, slik som i første omgang. Det blei derimot meir stillingskrig, heller enn dei heilt store målsjansane i starten av omgangen. Tempoet dala også naturlegvis utover i omgangen, då det nok var ganske varmt for spelarane ute på kunstgrasmatta i solsteiken.

Etter 60 minutt hadde Badr Rahhaoui, som ti minutt før kom fram til ein sjanse, ein verkeleg kjempesjanse til å setje Hødd sitt fjerde for dagen frå berre to meter. Men han bomma.

Etter 69 minutt fekk Eirik Franke Saunes høve til å skyte på mål. Han fyrte av knallhardt langs bakken, men rett på keeper.

Med ti minutt igjen på kamptavla var det ikkje nye mål scora på Høddvoll. Gjestane prøvde det dei kunne for å sikre seg eit trøystemål, men Hødd sette ein stoppar for forsøka deira. Keeper Jonas Bigseth Mathiesen redda det som kom av forsøk, på flott vis.

I andre enden av banen hadde Isak Skare Haanes moglegheita åleine med keeper like før slutt, men skotet gjekk rett i keeper. Heller ikkje returen klarte Hødd, ved Robin Hjelmeseth, å setje i mål.

Like på overtid var Hødd farleg framme igjen, men heller ikkje her lukkast dei blåkvite i å omsetje sjansen i mål.

Det enda likevel med ein solid storsiger for Hødd 2, og med det sikra laget sin fyrste trepoengar denne sesongen, på sju spelte kampar. Hødd 2 har no 4 poeng, og ligg på 12. plass, like under nedrykksstreken.

- Ein kjempekamp

Trenar Sander Håskjold Nyland meiner det var imponerande å slå Follo, laget som inntil laurdag var serieleiarar i 3. divisjon. Hødd hadde fattige eitt poeng før denne kampen.

- Klart, dei er ikkje det dei var ein gang. Men vi visste vi måtte spele godt for å slå dei. Vi visste kva som møtte oss, då vi kjenner godt til deira spelestil. Det gjorde også at vi visste kva for rom vi skulle utnytte og kva for rom vi skulle stengje. Vi hadde ein bra plan på dette, og gutta gjennomførte kampen til tjue i stil, seier Håskjold Nyland og legg til:

- Vi skapte klart fleire målsjansar enn dei, spesielt i overgangsfasen. Vi kom på mange farlege kontringar, og burde nok kanskje scora fleire mål. Vi vinn like fullt fullt fortent i dag. Ein kjempekamp.

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen avdeling 1 (3. divisjon)

Hødd – Follo FK 3-0 (3-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 95

Dommar: Even Myrheim – Emblem IL

Gule kort: Sander Djupvik, Badr Rahhaoui (Hødd), Martin André Kjølstad, Islam Darlishta, Julius Friberg Skaug (Follo)

Mål: 1-0 Magnus Myklebust (2), 2-0 Robin Hjelmeseth (27), Eirik Franke Saunes (33)

Hødd (4-4-2): Jonas Bigseth Mathiesen – Daniel Eid, Elias Martin Flø, Peter Saunes Hasund, Sindre Ryttvad Kleiven (Tilseth Sæterås, 66) – Bam Hide (I. Haanes, 75), Sander Djupvik (Haddal Worren, 88), Eirik Franke Saunes, Badr Rahhaoui (Skotheim, 66) – Robin Hjelmeseth, Magnus Myklebust (Brandal Dimmen, 84)

Innbyte: Joakim Goksøyr Ulstein, Isak Skaare Haanes, Sveinung Tilseth Sæterås, Gustav Brandal Dimmen, Bastian Myklebust Rasmussen, Petter Haddal Worren, Isak Gabriel Skotheim