NM i mangekamp fann stad på Furumo friidrettsstadion i Modum i helga.

Der hadde Dimna IL to utøvarar med, Caroline Amalie Sætre og Anna Garnes Kleven. Dei imponerte i kvar si aldersklasse, og makta begge å hente med seg edelt metall heim igjen.

Det blei sølv til Caroline Amalie Sætre i 17-årsklassen, medan Anna Garnes Kleven tok ein bronsemedalje i 16-årsklassen. To gode prestasjonar frå dei to utøvarane, ifølgje Dimna IL.