Det var tysdag kalla inn til ekstraordinært årsmøte i IL Hødd, der det stod to saker på sakslista. Den eine saka var val av nytt medlem i valnemnda, medan den andre handla om val av nytt medlem til styret i IL Hødd Fotball.

Til valnemnda blei Ann Kristin Eiken frå IL Hødd Turn samrøystes valt inn.

Styret i IL Hødd Fotball har vore utan leiar sidan Håvard Haanes sa frå seg vervet.

I saksutgreiinga frå styret i IL Hødd Fotball går det fram at ingen av styremedlemmene kunne ta på seg leiarrolla, og fotballstyret fekk difor mandat frå hovudstyret til å innstille ein ny kandidat til leiarvervet. Kandidaten fotballstyret enda på var Ivar Morten Normark.

Det ekstraordinære årsmøtet i IL Hødd valte Ivar Morten Normark inn i fotballstyret med applaus.

Deretter konstituerte styret i IL Hødd Fotball seg med Normark som leiar.

– Mykje artig framover

– Eg har fått ein førespurnad frå Hødd og har stilt meg til disposisjon. No har eg ein familiær situasjon som gjer at eg kan ta på meg litt meir artige ting. Og det er jo ein av mine personlege motivasjonar med å gå inn i Hødd, at det skal bli mykje artig i tida framover, fortel Ivar Morten Normark til Vikebladet Vestposten.

Normark legg til at hans hovuderfaring handlar om å sette saman og utvikle gode lag.

– I så måte er både styret og styreleiar sin jobb å sørge for at administrasjonen får gode føresetnadar for å gjere det dei skal. No skal eg sette meg litt inn i korleis stoda er og kva dei driv med, og sørge for at vi får ein bra kvartett eller kvintett med hovudtrenar for a-laget, dagleg leiar, sportsleg leiar, breiddeleiar og dei andre i administrasjonen. Det trur eg kan vere ei fin oppgåve for meg med mangearta og omfattande erfaring frå fotballen, seier Normark til Vikebladet Vestposten.

Vil forsterke det positive

Ivar Morten Normark spelte mellom anna fotball i Mjølner, Brann og Bodø/Glimt, samt ei periode som utanlandsproff i Frankrike. Han var trenaren som fekk AaFK opp i Eliteserien for første gong og har også trent Alta og Tromsø. No er det styreleiarvervet i IL Hødd Fotball som er neste utfordring for 54-åringen frå Narvik.

I 2017 fekk litt kjennskap til Hødd då han hjelpte klubben med å finne sin nye daglege leiar.

– Men no er det eitt år sidan og det har rent mykje vatn i havet sidan den gong. Som sagt så må eg sette meg litt inn i korleis stoda er akkurat no, men det er ikkje tvil om at her er veldig mykje bra og eg er glad i å forsterke det som allereie er bra, smiler Normark.