Sikra tre svært viktige poeng

Hareid vann botnoppgjeret mot FK Sykkylven fredag.

Ola Kalvø Vattøy sikra Hareid tre poeng med eit flott frispark borte mot FK Sykkylven fredag.   Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Det var to lag som har slite med poengfangsten som møttest på Dalemyra Stadion fredag kveld. Heimelaget FK Sykkylven hadde berre eitt poeng før kampen, medan Hareid med sine tre også hadde behov for å fylle poengkontoen.

Med siger hadde Hareid sjansen til å klatre nokre plassar på tabellen, men då måtte også Godøy og Larsnes/Gursken tape sine kampar.

Både Bergsøy og Ørsta sikra at det blei null poeng til dei to andre botnrivalane, og kaptein Ola Kalvø Vattøy sørga for at Hareid kunne juble heile vegen heim frå Sykkylven.

Etter at Henrik Holstad blei felt fekk Hareid frispark på om lag 25 meter. Kalvø Vattøy, som i utgangspunktet ikkje skulle spele kampen, vart den store helten for Hareid då han skrudde frisparket i mål.

Begge lag hadde sjansar til å score fleire, men det blei berre med den eine scoringa. Hareid heldt unna for trykket i den andre omgangen og sikra seg det som kan bli tre svært viktige poeng. Med sine seks poeng er Hareid no oppe på ein 9.-plass i divisjonen.

Andre resultat:

Bergsøy - Godøy 4-0

Volda - Emblem 0-1

Ørsta - LGFK 1-0

FK Sykkylven - Hareid 0-1

AaFK2 - Rollon 2-1