Ny norsk rekord av Karsten Warholm

Sport

Karsten Warholm sette ny norsk rekord på 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Stockholm søndag ettermiddag.

Den nye rekorden er på 47,81.

Men Warholm måtte nok ein gong sjå seg slått av Samba Abderrahman frå Qatar, som vann med tida 47,41.

Til NRK sa Warholm etter løpet at han var litt sliten etter tre løp den siste tida.

Han sa også at han hatar å tape, at han er ein vinnarskalle og at konkurransen frå Samba pusha han fram til den gode tida.

- No er planen å slappe av litt, sa Karsten Warholm til NRK.

Også sist torsdag vart Warholm nummer to, då under løpet på Bislett:


– Eit godt løp frå mi side

Karsten Warholm er fornøgd med å bli nummer to på heimebane.