«Persa» i sjukamp

Caroline Amalie Sætre leverte ein svært god sjukamp under nordisk landskamp i mangekamp.

Personleg rekord: Caroline Amalie Sætre leverte sin beste sjukamp under den nordiske mangekamplandskampen i helga. I fire av sju øvingar blei det «pers» og totalsummen var også 253 poeng betre enn hennar tidlegare bestenotering. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL. 

Sport

Trenar Arve Hatløy i Dimna IL fortel at Sætre sette personlege rekordar i fire av sju øvingar under mangekampen under den nordiske juniorlandskampen på Jessheim stadion i helga.

– Caroline gjorde sine saker svært bra og sette ny personleg rekord i mangekamp med 253 poeng, fortel Hatløy.

Totalt enda ho med 4508 poeng, noko som inkluderte personlege rekordar på 100 meter hekk, 200 meter, kule og 800 meter.

Ifølgje Hatløy var det spyd og høgde som stemte dårlegast for Sætre denne gongen, men Dimna-utøvaren leverte elles ein svært god mangekamp og enda totalt på ein 11.-plass. Då slo ho mellom anna tre av dei norske jentene på rekrutteringslandslaget i mangekamp.