Flatin med ny rekord i Hødd-fjelltrimmen

Sport

Søndag vart premiane etter fjelltrimsesongen 2017/18 delt ut ved Bugardsdammen. Nestorane i Hødd si trimgruppe, Karsten Starheim og Lindor Skeide (leiar), hadde som vanleg regien under utdelinga.

Arne Flatin (52) gjekk til topps for femte året på rad og tok sitt andre napp i den nyaste vandrepokalen. Han sette også ny poengrekord med 4726 og slo dermed sin gamle rekord på 4103 poeng frå 2014.

Nærast Flatin kom Vidar Hauge med 2084 poeng og Hildegunn Bjåstad med 1996 poeng.

Tord Eikrem Flatin (13) vann si årsklasse (8-15 år) for tredje år på rad, medan Nils Arne Scheide (523 poeng) vann klassa 60-69 år og Oddbjørn Flø den eldste klassa, for dei over 70 år med 1365 poeng.

Familieklassa vart suverent vunne av familien Eikrem Flatin som samla sett oppnådde knapt 5300 poeng.

Årets fjelltrimsesong er alt i full gang (sesongen går frå 1.mai til 1.mai) og nytt av året er at det er sett opp ein post ved Mosvatnet som gir 4 poeng på fjelltrimmen.

Den mest populære «toppen» er Nibben med 6395 oppføringar. Deretter kjem Hasundhornet med 4072 innskrivingar. Det er ein nedgang i talet på noteringar mellom anna på Hasundhornet. Ei årsak kan vere at fleire no vel dei mange grusvegane for kortare turar, særleg i periodar der til dømes Hasundhornet er mindre tilgjengeleg (om vinteren).



HØDD FJELLTRIM 2017-18
0-7 år f.o.m 2011. Premie for over 100 poeng
Ingen premiar
8-15 år f.o.m 2003 t.o.m 2010. Premie for over 200 poeng.
Tord E. Flatin

403

Mathea E. Flatin

139

Stine Veddegjerde

109

Marthe Sandvik Skeide

94

Inga E. Flatin

13



16-59 år, f.o.m 1958 t.o.m 2002. Premie for over 500 poeng.
Arne Flatin (vandrepokal)

4726

Vidar Hauge

2084

Hildegunn Bjåstad

1996

Turid Sundal

734

Anne Karin Holstad

708

Berit Sandvik Skeide

701

Anne Karete Breivik

582

Nancy Bergseth

518

Bjørnar Veddegjerde

514

Liv Janne Dalehamn

508

Dagny Davidsen

377

Synnøve R. Hasund

367

Guro Flø

350

Trond Skeide

315

Patrick Veddegjerde

280

Daniel Hareide

240

Solbjørg Skeide

207

Håvard Holstad

196

Wenche Scheide

191

Grete Hasund

146

Margrethe Longva

140

Jonny Holstad

114

Sissel Janne Moldskred

108

Tor Kåre Hareide

107

Linda H. Hasund

100

Linda Eikrem

10


60-69 år. f.o.m 1948 t.o.m. 1957. Premie for over 400 poeng
Nils Arne Scheide

523

Kari Garnes

407

Kari G. Wolstad Eskeland

338

Grete Harkjerr

310

Dagrunn Snipsøyr

174

Berit Gjerdsbakk

160


Over 70 år, t.o.m 1947. Premie for over 200 poeng.
Oddbjørn Flø

1365

Sverre Sylte

597

Svein Eiksund

467

Anita Giske Eiksund

368

Roar Snipsøyr

360

Inge Eskeland

342

Karsten Starheim

232

Lindor Skeide

226

Rigmor Garnes Rødset

126


Familie. Premie for dei tre høgaste poengsummane
1. Familien Eikrem Flatin: Inga, Tord, Mathea, Linda og Arne5291 poeng
2. Familien Sandvik Skeide: Berit, Trond og Marthe1110 "
3. Familien Longva Veddegjerde: Bjørnar, Margrethe, Patrick og Stine1043 "


REGISTRERINGAR 2017-18
Skeidenibben

6395

Hasundhornet

4072

Skafjellet

3240

Lisjevatnet

2386

Roppehornet

1833

Mosvarden

1666

Kiberget

1572

Alskleiva

1530

Garnestua

1486

Skolma

1305

Storebroren

1258

Holstadhornet

1205

Blåtinden

1120

Sarshornet

1066

Melshornet

1050

Flåna

953

Hovdenakken

910

Osberget

880

Gamle Åsen

714

Breidfjellet

691

Gamleeidet

595

Kongsvollen

575

Lisjenotten

549

Kvamstua

505

Snellelia

490

Røyrafjellet

480

Høgebruna

366

SUM

38892