Ikkje enkelt å treffe "tværå"

Tverrliggarkonkurranse Laurdag vart det arrangert tverrliggarkonkurranse i samband med Smak av Ulstein. 

Sport

Det var Eirik Haugan frå Hødd sitt herrelag som stakk av med sigeren i tverrliggarkokurransen under Smak av Ulstein laurdag. Haugan fekk mellom anna konkurranse frå klubbkollega Thea Holstad som like godt tok av seg sandalane og smelte til ballen berrføtt.

Det synte seg å ikkje vere så enkelt å treffe "tværå" som ein kanskje skulle tru, men så er det jo helst under tverrliggaren ein skal plassere ballen, i alle fall dersom ein ønskjer å score mål.

Konkurransen vart leidd  på profesjonelt vis av Magne Krumsvik.

Tverrliggar-konkurransen er inspirert av duellen i tv-serien Heimebane og arrangørane hadde håpt å få med seg nokon av skodespelarane frå tv-serien i konkurransen. NRK er tilbake i distriktet og er i full sving med innspelinga av sesong nummer to av den populære tv-serien, men diverre klaffa det ikkje med deltaking frå den kanten.

Representantar frå herre- og damelaget til Hødd stilte derimot opp, i tillegg til ei rekke yngre spelarar. Kjendisfaktoren vart ivareteken av Bjørn Roppen og kultursjef Leif Ringstad. Sistnemnde imponerte med skotfoten, men det vart til sist Roppen som trakk det kortaste strået, også han utan sko.

Bjørn Roppen fekk dermed møte Thea Holstad, Badr Rahhaoui og Eirik Haugan i finalen som altså vart vunnen av Eirik Haugan. Elias Walaunet fekk premie for deltakarar under 12 år.