Dimnaleikane blir arrangert som eit komprimert kveldsstemne på Høddvoll tysdag kveld. Der står utøvarar frå dei heilt yngste og opp til seniorklassa på startstreken.
Totalt er det i overkant av 130 deltakarar som er påmeldt til stemnet og meir enn 300 startar.
Dimna IL stiller med ein stor tropp, der heile 93 grønkledde skal i aksjon på heimebane. Moltustranda IL er nest største klubb som kjem til Høddvoll med sine 16 utøvarar, men også Hareid og Ørsta er blant klubbane med solide troppar denne gongen.
På Høddvoll blir det konkurrert i 60 meter, 100 meter, 200 meter, 600 meter og 800 meter, i tillegg til lengde, spyd, høgde, kule og liten ball.