Rekruttane gjorde det vanskeleg for seg sjølve

Ei unødvendig utvisning ti minutt før pause gav Hødd 2 eit dårleg utgangspunkt mot Herd.

Jesper Törnqvist meiner rekruttane må lære seg å bruke energien på rett måte. Måndag førte eit tidleg raudt kort til at det blei ein ekstra vanskeleg kamp borte mot Herd.  Foto: Arkiv.

Sport

Rekruttane til Hødd reiste måndag den korte turen til Moa for å møte Herd i 3.-divisjon avdeling 1. Ein viktig kamp for begge lag, som så langt har slite i eller nær botnen av avdelinga.