Hødd har tatt seg fram til 4.-runde i NM etter å ha slått ut Volda, Florø og KBK i dei tre første rundane. Onsdag kveld ventar det som truleg blir ein knalltøff cupkamp borte mot Bodø/Glimt, men Hødd-trenar Sindre Eid trur dei blåkvite har sjansen til å levere ei ny ”cupbombe”.

– Ser ein vekk frå det som går på kampplan, inngang og det taktiske, så må vi ha ei veldig tru på at vi kan reise dit opp og spele ein veldig god kamp. Spelarane må ha tru på eigne ferdigheiter, på lagkameratane sine ferdigheiter og laget må stå fram som ein gjeng som faktisk trur dette er mogleg. Kjenner eg denne gruppa rett så er vi fullt i stand til det, seier Eid.

Må løfte seg opp til Glimt sitt nivå

Også før cupkampen mot KBK snakka Eid om at spelarane måtte ha tru på laget sine moglegheiter. Då vann Hødd fortent 2–0 heime på Høddvoll.

– Det er ein nøkkel. Dette er ein kamp, 90 minutt og 11 mot 11. Glimt er i Eliteserien, dei er vane med å spele på eit høgare nivå, og det blir spanande å sjå om vi kan klare å løfte oss opp på det nivået. Det blir spenningsfaktoren i det. Vi skal uansett gle oss til kamp. Vi er i 4.-runde, har eit lag i utvikling og dette vil uansett bli ei utruleg fin erfaring for oss. Samstundes har vi utruleg lyst til å gå vidare! seier Eid.

Ein må tilbake til 2015 for å finne sist Hødd spelte 4.-runde i NM. Då vart det tap borte for Mjøndalen. Sist Hødd gjekk lenger enn 4.-runde var i 2012, då laget gjekk heilt til topps.

Det er også ei stund sidan sist Hødd møtte Bodø/Glimt. Laga spelte sist i same divisjon i 2013. Då vann Hødd på Høddvoll, medan Glimt tok dei tre poeng på Aspmyra. No er Hødd inne i sin andre sesong i 2.-divisjon, medan Bodø/Glimt spelar Eliteseriefotball etter å ha vunne Obosligaen på suverent vis i fjor.

– Vi veit at vi må ha ein maks dag dersom vi skal ha sjansen, seier Eid.

Veit kva som ventar

Han har ein bra tropp å velje mellom til cupkampen, men med fleire kampar på kort tid må han også bruke troppen. Spesielt på topp kan det nok bli endringar frå 3–1 sigeren over Arendal.

Eid meiner Hødd veit kva dei møter i Bodø.

– Glimt har spelt 433 i alle år, så der kjem det nok ikkje nokon overraskingar, men det er eit godt organisert lag, dei har ein klar spelestil og har spelarar som har spelt i rollene lenge. Det er eit godt lag vi møter, som mellom anna har slått Molde borte og Ranheim heime med 4–0. Vi møter eit veldig godt lag, men for vår del handlar det mest om å stå fram på ein best mogleg måte. Då må vi også tru at dette kan vere mogleg. Vi må både tore, våge og ønske å spele vårt spel.

Eid legg til at starten på kampen vil vere svært viktig for dei blåkvite.

– Vi må vere med frå start, vere med på å prege kampen allereie i opninga.

Sesongens tøffaste

Gulrota er ein plass i kvartfinalen i NM, og det bør dermed ikkje vere noko å seie på motivasjonen til Hødd-spelarane.

– Det blir ikkje noko problem. No er det jo litt slik i år at alle kampane vi spelar er som cupkampar, for vi skal helst vinne alle. Dette triggar likevel gutane og no har vi berre tapt ein av dei 22 siste kampane våre. Vi er vanskeleg å bryte ned, men det er ikkje tvil om at vi får sesongens tøffaste utfordring i Bodø, seier Hødd-trenaren.

Lånte ballar av "Heimebane"

Denne sesongen har det blitt innført ein fast ball i Eliteserien. Select-ballen blir truleg også brukt under Hødd sin cupkamp i Bodø, og for å la keeper Ole Monrad Alme bli van med ein annleis balltype trente Hødd med denne typen tysdag.

Men Hødd hadde ikkje kjøpt inn nye ballar. I staden hadde dei fått låne eit nett med ballar frå "Heimebane", som brukar den rette typen under innspelinga av tv-serien.

Cupkampen mellom Bodø/Glimt og Hødd kan du sjå her på Vikebladet.no. Sendinga er produsert av NRK.

Sindre Eid trur Hødd kan ta seg vidare i NM, men veit at det er ei knalltøff utfordring som ventar i Bodø.