Hødd fekk ein draumestart, men vart hardt straffa til slutt

Det gjekk mot kvartfinale for Hødd i andre ekstraomgang, men ei straffescoring øydela festen for dei blåkvite.

Markus Naglestad var nære ved å bli den store helten borte mot Bodø/Glimt i NM, men Hødd gav vekk eit seint straffespark og tapte til slutt etter straffekonk.   Foto: Arkiv: Per Werkland

Sport

Hødd har tatt seg til 4. runde i NM for første gong sidan 2018, men på Aspmyra venta ei knalltøff oppgåve for dei blåkvite. Rett nok er Bodø/Glimt nede på ein 11.-plass i Eliteserien, men laget har mellom anna slått Molde og Ranheim denne sesongen.