Sjølv om kampen enda med stygge siffer, var det jamt dei fyrste 20 minutta av kampen mellom Hareid 2 og Hødd 3 onsdag kveld.

– Vi er kompakte dei fyrste 20 minutta av kampen, men så får Hødd ei enkel scoring, sa trenar Venthan Ketheeswaran etter kampen.

Etter scoringa gjekk spelet for det meste mot Hareid-målet. Hødd 3 la på til 0–2 og deretter 0–3 like etterpå. Då laga gjekk til pause, hadde  gjestane auka leiinga til 0–4.

Andreomgangen vart resultatmessig mykje betre for heimelaget, men gjestane hadde full kontroll på kampen. Arthur Hareide reduserte for vertane i byrjinga av 2. omgang, men Meinseth, Sætrenes og Ushey scora kvar sitt mål og sørga for ei komfortabel 1-7-leiing.

I det 89. minutt scora Hareide sitt andre for dagen, før han minuttet seinare fullførte eit vaskeekte hat-trick.

Hødd 3 vann til slutt 3-7, og klatra dermed opp på ein 2.-plass på tabellen med 10 poeng, tre poeng bak serieleiaren Hasundgot. Hareid 2 ligg heilt sist, og er utan poeng etter 5 kampar.

Målscorarar:

Hareid 2: Arthur Hareide x3

Hødd 3: Johannes Meinseth x3, Zakariye Ushey x2, Jakob Sætrenes, Kristian Vatsaas