Det vart tre svært viktige poeng for Hareid, då dei slo FK Sykkylven i eit reint botnoppgjer sist fredag. Det var mot eit lag som ikkje har vunne så langt denne sesongen.

Truleg blir oppgåva klart tøffare for Kenneth Moldskred sine utvalde denne fredagen, for no er det hardtsatsande Bergsøy som tek turen til Hareid stadion.

Heime i Fosnavåg har Bergsøy vore botnsolide, vunne fire av fire kampar og berre sleppt inn eitt mål. Fullt så enkelt har det ikkje vore borte, der både Rollon og AaFK 2 har blitt for sterke. Likevel er Bergsøy berre poenget bak serieleiar AaFK 2 før den niande serierunden.

Hareid klatra opp på ein niandeplass etter bortesigeren sist, men bør helst ha nokre fleire poeng før sommarpausen, dersom laget vil nærme seg trygg grunn.

Det er samstundes nokre tøffe oppgåver Hareid har framom seg dei tre siste kampane i vårsesongen. Bergsøy er først ut, før Hareid møter AaFK 2 borte og Volda heime. Deretter blir det ein nærare to månadar lang sommarpause i 4.-divisjon på Sunnmøre.