Den siste tida har Ian Burchnall vore Sindre Eid si høgre hand. Dette medan assistenttrenar Sander Håskjold Nyland er sjukmeldt, og medan Hødd er inne i ei svært viktig periode av sesongen.

– Eg har møtt Sindre nokre gongar tidlegare, mellom anna nede i Luton. Eg har også kjent André Nevstad lenge, og dei visste sjølvsagt at eg har vore utan jobb ei stund. Dei ringde meg for å lufte ideen om eg kunne tenkje meg å kome hit nokre veker. Frå før har eg møtt mykje folk frå klubben og eg var jo også innom her for nokre år sidan, og eg har vore imponert over både folka som er her og miljøet i klubben. Difor tenkte eg at dette kunne vere ei morosam greie å gjere nokre få veker, fortel Ian Burchnall til Vikebladet Vestposten.

Burchnall har vore både assistenttrenar og hovudtrenar i Eliteserien. Sist sesong var han hovudtrenar i Viking, men vart løyst frå kontrakten etter nedrykket til Obosligaen. No brukar briten nokre sommarveker på å hjelpe Sindre Eid og Hødd.

– Dersom eg kan støtte Sindre, kanskje hjelpe laget litt og gje noko tilbake, så synest eg det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, seier Burchnall.

Godt å kome seg ut på feltet

35-åringen bur like ved stadion i løpet av vikarperioden i Ulsteinvik, og rosar fasilitetane til klubben, men det er ikkje alt han har latt seg imponere av.

– Laget er ungt, svolte og svært lærevillig. Det ser ut til å vere mykje bra som skjer i klubben, meiner Burchnall.

Medan det å få inn ein korttidsvikar ikkje er uvanleg i arbeidslivet elles, er det kanskje ikkje noko som skjer like ofte i fotballen, men Burchnall trur hans opphald i Hødd kan vere positivt både for han sjølv og for klubben.

– Det er nok ikkje så vanleg, men eg synest det viser at Sindre, André og klubben torer å tenkje litt utanfor boksen. Eg var tilgjengeleg og dersom eg kan kome hit og bidra for klubben så er det veldig fint. Eg veit at Sander er ein viktig del av apparatet her og eg håpar eg kan ta over litt av rolla hans på ein positiv måte. Og no når eg står utan jobb så er det alltid godt å kunne snøre på seg fotballskoa og kome seg ut på feltet.

Burchnall trur også han kan bidra med eit litt annleis syn på fotballen.

– Eg trur det kan vere lurt å få sjå spelet med nye auge, frå eit nytt perspektiv. Dersom eg kan bidra med det, så kan vi ta med oss noko positivt utav dette, fortel han.

Støtte for Eid

Etter kampen mot Arendal sist sa Sindre Eid at Burchnall hadde vore med på å finne løysinga for korleis Hødd skulle slå hol på den solide defensiven til bortelaget.

– Det er snilt av han å seie det, men som sagt så er eg her for å støtte Sindre. Eg var hovudtrenar sjølv i fjor og veit kor mykje du må tenkje på. Då er det viktig med eit godt støtteapparat rundt deg. Kan eg sjå noko som kan hjelpe laget så gjer eg sjølvsagt det, men eg trur også det handlar mykje om å ha eit ekstra par auge på bana og om å gje nokre tilbakemeldingar til spelarane for å sjå om dei kan forbetre seg litt. Samstundes veit vi at det ikkje er så veldig mykje ein får gjort på to veker, men kanskje kan ein sjå nokre småting eller kome med nokre nye idear som kan vere hjelp i.

Burchnall kom inn i klubben i ei både hektisk og svært viktig periode, med både cupkampar og tøffe oppgjer mot topplag i 2.-divisjon. Onsdag vart det cupexit for Hødd, etter både ekstraomgangar og straffekonk borte mot Bodø/Glimt. Allereie søndag ventar toppkamp mot Skeid i serien.

– Eg er imponert med korleis gruppa taklar desse kampane. Det er ei veldig bra haldning til kampane. Dette er ei viktig veke for klubben, med fleire tøffe kampar, men spør du fotballspelarar så er det desse vekene dei ønskjer å ta del i. Det var surt å tape i cupen, men det kjem ein ny viktig kamp søndag og spelarane ser ut til å vere veldig fokuserte på å gjere det bra i den. Det er sjølvsagt ei krevjande periode fysisk, men for meg ser det ut til at spelarane taklar det på ein bra måte, seier Burchnall.

Tøff oppgåve

Søndag er det første- og andreplassen i avdelinga som møtest. Hødd kan ta over tabelltoppen, men då må dei slå Skeid, som har eitt poeng meir enn Hødd etter ni kampar.

– Skeid borte blir ein tøff kamp, dei er topplaget og har eit sterkt lag. Eg trur samstundes at med det cuptapet vi hadde på onsdag, så er det beste vi kan gjere å angripe ei ny, tøff oppgåve. Eg trur ikkje spelarane treng særleg ekstra motivasjon før Skeid-kampen, seier Burchnall.

For sjølv om mange hadde håpa på eit nytt cupeventyr med Hødd, så er det serien som er viktigast for dei blåkvite.

– Ja, det er jo kjekt å ta seg vidare i cupen, men eg trur nok dei fleste heller vil ta spel i Obosligaen til neste år enn avansement i cupen. Det viktigaste blir å kome seg opp ein divisjon, så alt fokus er inn mot kampen i helga, seier Burchnall.

Vil til det rette miljøet

Etter planen blir han i Hødd til etter heimekampen mot Fløy. Briten har ikkje ein ny jobb å gå til, men fortel at han ventar på den rette moglegheita.

– Om det er som hovudtrenar eller i ei anna rolle er ikkje så farleg. Dukkar den rette klubben og rette moglegheita opp, så tek eg gjerne på meg ei ny hovudtrenarrolle, for eg veit at eg er kapabel til det, men for meg er det viktigaste å finne den rette klubben, den rette rolla og det rette miljøet. Det var eit tøft miljø å jobbe i då eg var i Viking, og eit tøft miljø å vere hovudtrenar i. Eg treng ikkje om å forhaste meg for å finne ein ny jobb, men dersom det rette dukkar opp så skal eg absolutt vurdere det, smiler Burchnall.