Hareid spelte ein særs god kamp mot Bergsøy, men tapte til slutt 2-0 på heimebane.

Dei fleste forventa nok at det skulle vere grei skuring for Bergsøy når dei gjesta Hareidsmyrane, men Hareid imponerte stort mot topplaget.

Gjestane opna kampen best, og dei fyrste 15 minutta av kampen kom dei seg til fleire nesten-sjansar, men Hareid-laget forsvarte seg godt og fekk rydda ballen unna.

I det 1.omgangen nærma seg halvspelt, fekk Martin Søvik Røren stå heilt aleine i feltet. Bergsøy-vingen nytta sjansen til det fulle og la ballen kontrollert forbi Hareid-keeper, Sigve Overå Hide.Ei god avslutning.

Hareid heva seg etter målet, og var på høgde med gjestane i siste halvdel av omgangen.

Ruben Kenneth Brandal spelte gjennom August Brandal berre få minutt etter 1-0 scoringa. Brandal fekk avslutte frå  20 meter, men forsøket gjekk eit stykke utanfor målet.

Like etterpå vann Henrik Holstad ballen høgt i bana og fikk slått eit godt innlegg framfor mål. Brandal fekk avslutta, men forsøket gjekk over mål.

Hareid pressa gjestane og hadde fortent ei scoring i løpet av dei fyrste 45 minutta, men laga gjekk til pause på stillinga 0-1.

God 2.omgang

Heimelaget starta 2.omgangen i same stil som dei avslutta den fyrste. Dei raudkledde vann duellane og varta til tider opp med særs fint spel.

Ti minutt ut i 2.omgangen var målscorar Røren nære ved å score sitt andre for dagen. Hide stoppa avslutninga med ei god redning og sørga for å halde heimelaget i kampen.

Ikkje lenge etter var det gjestane som spelte seg fint framover frå forsvart, ut på venstrevingen og gjennom til Brandal. Spissen vart riven ned på vei gjennom forsvaret og Hareid fekk frispark i god posisjon. Frisparket gjekk himmelhøgt over.

Det blei berre nesten for heimelaget, og knappe 10 minutt før slutt vart Røren felt inne i 16-meteren, og dommaren dømde straffe til gjestane. Franjo Tepuric var sikker frå straffemerket og dobla leiinga.

Kampen enda 2-0 til gjestane, men Hareid-laget leverte ein av sine beste kampar denne sesongen og kunne, med litt meir «tur», teke poeng mot topplaget.