- Det er bra vi tek dette poenget, det er eit viktig poeng, seier Eid etter 1-1 over Skeid på Nordre Åsen.

Før kampen sa du at de satsa på tre poeng. Slik vart det ikkje...

- Nei, men etter denne veka og slik kampen utviklia seg i dag, så synest eg vi skal vere glade for det eine poenget, seier Eid.

Onsdag vart laget slått ut av cupen, etter å ha tapt for Bodø/Glimt på straffespark.

Kampen mot Skeid var Hødd sin tredje kamp denne veka.

- Vi starta veldig bra den første halvtimen, men vi vart nok litt slitne utover i kampen. Og det kan eg forstå, etter den tøffe cupkampen mot Bodø/Glimt på onsdag, seier Hødd-trenaren.

Eid viser til at Skeid er eit godt heimelag, som enno ikkje har tapt på heimebane i årets sesong. Og før oppgjeret søndag hadde Skeid heller ikkje sleppt inn mål på heimebane.

- Hødd-spelarane har ein fantastisk innsats, dei står på heilt enormt. Det var vanskelege speleforhold, men det var likt for begge lag.

Toppskårar Markus Kvame Naglestad var ikkje med, kvifor ikkje?

- Han fekk ein skade og måtte sy nokre sting i ankelen etter kampen i Bodø. Han skal vere klar igjen til neste helg, seier Sindre Eid.

Hødd tek imot Fløy laurdag 23. juni.