Kampen mellom tabelleiar Skeid og Hødd, som låg på fjerdeplass før dagens kamp, vart spelt på ei regnvåt bane på Nordre Åsen.

Hødd stilte med følgjande elleve frå start: Alme, Moltu, Haugan, Sætre, Eid, Hagen, Wrele, Rise, H. Breimyr, Myklebust og Osvold.

Hødd med mest initiativ

Og det var Hødd som kom best i gang og som viste mest initiativ, mot eit Skeidlag som ikkje hadde sleppt inn mål på heimebane i år.

Sjølv om Skeidkeeper Fiskvik hadde nok å gjere dei første minutta, gjekk det tjue minutt før det første målet kom.

Dommaren peika på straffemerket etter at Magnus Myklebust vart felt av ein Skeidspelar som kom for seint inn i taklinga.

Bendik Rise sette ballen kontant i mål, og dermed tok Hødd leiinga.

Skeid kom meir med

Det vart ikkje fleire mål i den første omgangen.

Skeid ville ha straffe i det 27. minutt, men fekk ikkje gehør hos dommaren.

Skeid-trenar Tom Nordlie fekk tilsnakk frå dommaren, etter å ha kjefta frå sidelinja.

Skeid kom ikkje lett til noko, og Steffen Moltu vann dei fleste luftduellane.

Mot slutten av omgangen overtok Skeid meir av spelet og viste meir initiativ, men klarte ikkje å få ballen i mål.

Bendik Rise blei liggande nede etter ein duell med smerter i det høgre kneet.

Utlikning

Rise var tilbake på bana då andre omgang starta i regn- og torevêr.

Og publikum fekk sjå eit meir defensivt Hødd-lag i andre omgang, medan Skeid viste meir initiativ enn i starten på kampen.

Heimelaget kom til nokre sjansar dei første minutta, men fekk ikkje ballen i mål.

Etter vel 70 minutt har Preben Sætre ein stor sjanse, men Skeidkeeper Fiskvik får slått ballen ut til corner.

Eit par minutt seinare utliknar så Mesut Chan for Skeid.

Høddspelarane ropte på offside, men dommaren godkjende målet.

Hødd gjer eit par bytte mot slutten av kampen:

Robin Hjelmeseth kjem inn for Joachim Osvold, og Eirik Franke Saunes kjem inn for Magnus Myklebust.

Og i det 90. minutt kjem Peter Saunes Hasund inn for Bendik Rise.

Og sjølv om kampen enda uavgjort, vann Blåsarane supporterduellen: det var ikkje tvil om kva supportergjeng som gav frå seg mest lyd.