– Det var veldig artig! Det var eit mål å sjå 10-talet i løpet av sesongen, så det var litt spesielt at det kom så tidleg, seier Ose på telefon frå Urke i Hjørundfjorden. Det har vorte måndag ettermiddag og han er på klassetur, som avslutning på tre år på Ulstein ungdomsskule.

Kravet til U18-EM er på 11,02, du sprang på 10,94 på 100-meteren. Satsar du på EM-deltakinga no?

– Det hadde vore veldig kjekt, eg har absolutt ein ambisjon om å få vere med der, ja. Uttaket er i neste veke og det er mange som har kvalifisert seg, så det spørs om eg får vere med. Helst vil eg delta på både 100 og 200 meter, fortel han.

Laurdag vann han også 200 meter i klassa for sekstenåringar. Tida vart 22,58.

Trenar Arve Hatløy er også fornøgd med Ose:

– Han har vist stigande form dei siste vekene. 10,94 er ei fantastisk tid, som også er den sjette beste av ein sekstenåring gjennom tidene. Med dette resultatet er han ein av fire som er kvalifisert til U18 EM. Noreg får stille med berre to deltakarar, så han er ikkje garantert EM-plass enno, seier Hatløy.

EM vert arrangert i Ungarn 5.–8. juli.

Mange personlege rekordar

Arve Hatløy gler seg også over fleire andre gode resultat i helga. Han ramsar opp:

– 13 år gamle Andrea Skaar Berg hadde fleire gode resultat. Aller best gjorde ho det på 60 m hekk der ho gjekk heilt til topps med resultatet 9,98 sek. Caroline Amalie Sætre (17 år) gjennomførte eit sterkt løp på 300 m hekk. Ho tok sigeren med tida 45,79 sek. Lengde for våre eldste jenter vart også ei sterk øving. Først ut var 16 år Anna Garnes Kleven og Kornelia Roppen, begge sette nye personlege rekordar. Anna hoppa 5,31 m og Kornelia 5,19 m. Begge er kvalifisert for deltaking i junior NM. Også Caroline Amalie Sætre og Johanne Rise Kvalen hoppa bra. 18 år gamle Johanne tok bronse i 18/19 års klassa med eit lengstehopp på 5,48 m, og Caroline hoppa 5,37 m og tok sølv i 17 års klassa. Sleggejentene vart litt tatt av regnet på Austlandet søndag. Men dei kasta likevel bra. Anette Lydersen (16) tok sølv i sin klasse med resultatet 40,04 m. Elin Skavnes Våge tok sølv i 15 års klassa 42,47 m, fortel Hatløy.