HaNo, med 8 poeng, er plassert eit godt stykke nede på tabellen på ein sjuandeplass, medan Hødd etter dette oppgjeret ligg på ein andreplass med 17 poeng. Hødd har same poengsum som tabelleiar Volda, og har samstundes éin kamp til gode. Volda er før Hødd på grunn av eitt einaste mål betre målforskjell (16 plussmål). Det er med andre ord gode sjansar for at Volda kan passerast dersom Hødd vinn neste kamp borte mot FK Sykkylven på onsdag.

Hødd opna godt mot HaNo, og etter 19 minutt gav innsatsen utteljing. Ellen Nerland Aahjem klemte til frå avstand, og ballen susa like i mål bak HaNo sin sisteskanse til 0-1. Etter 39 minutt skulle det bli dobling av leiinga, då Astrid Oline Roppen sette inn 0-2. Anna Nerland Aahjem kunne etter flott forarbeid sentre inn til godt plasserte Roppen, som enkelt kunne setje ballen i mål.

Over i andre omgang heldt Hødd oppe trykket, men etter 63 minutt fekk heimelaget kara seg til eit trøystemål. Men målet, signert Martine Gunnarstein Austnes, vart det einaste for heimelaget, og kampen enda til slutt med ein trygg 2-1 siger til Hødd og tre særs viktige poeng i opprykkskampen.

Kampfakta

3. divisjon

HaNo – Hødd 1-2 (0-2)

Nordøy Stadion

Dommar: Zenun Murati (Giske IL)

Mål: 0-1 Ellen Nerland Aahjem (19), 0-2 Astrid Oline Roppen (39), 1-2 Martine G. Austnes (63)

Hødd: Lene Mari Myklebust - Vilde Sundal, Merete Molvær Terøy, Cecilia Strand Bakke, Pia Brandal - Andrine Nevstad, Therese Holstad, Lina Solheim Stave, Ellen Nerland Aahjem, Marte Vik - Astrid Oline Roppen.

Innbyte: Madelen Gustavsen, Anna Nerland Aahjem, Johanne Helvig og Rebecca Eikrem Sande.