Heimelaget hadde tilsynelatande full kontroll då dei gjekk til pause med 1-0, men i andreomgangen snudde gjestane til 2-1 i siste sekund.

Molde 2 yppa seg rett etter avspark, men forsøket frå Gussiås gjekk utanfor stengene til målvakt Joakim Goksøyr Ulstein. Etter det dominerte Hødd 2 totalt, og kom seg til ein haug av sjansar.

Allereie etter fire minutt prøvde Saunes seg frå rundt 20 meter, men greidde ikkje å sette Molde 2-keeperen på prøve. Minuttet seinare var det Hjelmeseth sin tur til å teste skotfoten, denne gangen eit litt optimistisk forsøk frå nærare 30 meter.

Hødd heldt fram med det gode spelet, samstundes som dei hadde full kontroll bakover i bana. På venstrebacken storma Johannes Sundgot framover og skapte uro i Molde-forsvaret.

Etter kvarteret banka Sundgot ballen framfor mål, men innlegget gjekk like over luggen til Badr Rahhaoui inne i femmeteren.

Fem minutt seinare var venstrebacken på offensiven igjen, og skaffa frispark til heimelaget i farleg posisjon.

Robin Hjelmeseth stilte seg opp på hjørnet av 16-meteren og la ballen i lengste med eit godt slått frispark.

Heimelaget var klart best resten av omgangen, og gjestane var noko heldige som gjekk til pause på stillinga 1-0.

Molde snudde kampen

Dessverre for vertane skulle ikkje leiinga var lenger enn nokre minutt ut i andreomgangen. Tobias Hestad sørga for balanse i rekneskapen med ei perlescoring frå kanten av sekstenmeteren.

Det bølgja fram og tilbake etter dette, utan at nokon av laga greidde å ta leiinga i kampen. Isak Skotheim stod for Hødd 2 sin største sjanse. Ungguten banka til etter eit innlegg frå Hjelmeset, men keeperen fekk boksa ballen i tverrliggaren og ut.

Begge lag gjekk for sigeren og tre poeng, men det såg lenge ut til å ende med poengdeling på Høddvoll. Dessverre for heimelaget sørgja storscoraren Sivert Gussiås, med siste spark på ballen, for at Molde 2 fekk med seg alle poenga heim til Molde.

Etter ein god kamp av heimelaget enda det med ein ny nedtur og null poeng på heimebane. Dermed ligg Hødd 2 framleis sist på tabellen med fire beskjedne poeng etter ti kampar.

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen avdeling 1

Hødd 2 - Molde 2 1-2 (1-1)

Høddvoll

Tilskodarar: 100

Dommar: Torgeir Halsen, Vanylven Fotballklubb

Gule kort: Sveinung Tilseth Sæterås (Hødd)

Mål: 1-0 Robin Hjelmeseth (21), 1-1 Tobias Hestad (52), 1-2 Sivert Gussiårs (90+4)

Hødd 2: Joakim Goksøyr Ulstein - William Fjørtoft (Rasmussen, 92), Elias Martin Flø, Peter Saunes Hasund Johannes Sundgot - Eirik Franke Saunes, Sveinung Tilseth Sæterås, Isak Gabriel Skotheim - Badr Rahhaoui (Ryttvad Kleiven, 58), Robin Hjelmeseth, Bam Hide (I. Haanes, 79)

Innbyte: Isak Moen Endal, Ola Heltne Nilsen, Isak Skare Haanes, Bastian Rasmussen, Petter Worren, Sindre Ryttvad Kleiven