– Det var ein kamp med mykje trøkk og mange duellar og 1–1 var eigentleg eit heilt greitt resultat, seier Myklebust dagen etter bortekampen mot Skeid.

Han var berre seksten år gamal då han debuterte i Hødd-drakta.

– Det er litt artig, for mitt aller første mål i norsk toppfotball skåra eg faktisk mot Skeid. Det var Skeid-Hødd på Voldsløkka i 2002, fortel han.

Etter tretti mål på 67 seriekampar forlèt han Hødd for å spele for Lillestrøm. Der vart det over 100 kampar og også to cupfinalar. Han har også spelt for Odd og Kongsvinger, før han kom tilbake til Hødd frå 2015-sesongen.

– Eg kjenner meg pigg og det er framleis artig å spele fotball, fortel han.

Skåra på straffe

Med poengdeling ligg Skeid framleis på toppen av tabellen i avdeling 2 i 2. divisjon. Hødd er på tredjeplass, eitt poeng bak.

Det var Hødd som kom best i gang på regnvåt bane på Nordre Åsen søndag. Skeid hadde før kampen til gode å sleppe inn mål på heimebane i årets sesong. Då Magnus Myklebust vart felt etter rundt tjue minutt, peika dommaren på straffemerket. Bendik Rise sette ballen i mål og gav Hødd 1-0-leiing.

Mot slutten av første omgang og i andre omgang viste Skeid meir initiativ, og utlikna etter vel 70 minutt. Høddspelarane ropte på offside, men fekk ikkje gehør hos dommaren.

– Viktig å unngå skade

Med sine snart 33 år er Magnus Myklebust den eldste på laget. Han og kaptein Steffen Moltu er dei einaste fedrane, og ved sida av fotballen jobbar han som marknadskonsulent i nett.no. Han synest det framleis er gøy å spele fotball, men har ikkje heilt kontroll på talet på kampar.

– At eg runda 200 kampar på søndag, det visste eg ikkje før det vart posta på Facebook, ler han.

– Kor lenge kjem du til å halde på då?

– Det er vanskeleg å seie. Det viktigaste er å halde kroppen ved like og å halde seg skadefri. Det er veldig kjekt no når vi kjempar i toppen av tabellen. Men det er klart, Isak Skotheim, som også er på laget, han var knapt fødd då eg starta med toppfotballen. Det set det heile i perspektiv, seier Magnus Myklebust.