Skeid-kampen blei den siste for engelskmannen Ian Burchnall som vikarierande assistent for Sindre Eid i Hødd. Det skriv Hødd på sine heimesider.

Burchnall skulle etter planen bli verande i Hødd fram til førstkomande søndag, men fordi han har blitt kontakta angåande ein ny trenarjobb har han bestemt seg for å dra litt før tida.

- Når vi tok kontakt med Ian og spurde om han kunne tenkje seg å bidra i Hødd nokre veker i sommar, var det med full forståing om at det kunne skje ting som gjorde at han måtte avbryte her med oss. Meininga var at han skulle vere med oss til etter kampen mot Fløy komande laurdag. No er det slik at ting er på gang i forhold til ein ny spanande jobb for Ian, og han må bruke dei komande dagane på å avklare dette, noko vi sjølvsagt har full forståing for. Ian er ein flott type, dyktig og engasjert, og vi ønskjer å takke han for hans positive bidrag i den tøffe kampperioden laget har vore inne i, seier sportssjef André Nevstad til Hodd.no.