Men ikkje nok med det. Hødd- og landslagsgymnasten Edel Charlotte Eiken Fosse er også kvalifisert til EM for seniorar som går av stabelen i Glasgow mellom 1. og 5. august. Det melder trenar og far Vidar Fosse i IL Hødd Turn.

Gler seg til begge meisterskapa

Edel Charlotte seier sjølv til Vikebladet Vestposten at ho gler seg til å delta i begge meisterskapa.

- Det kjennest veldig bra ut, og eg er veldig glad for at eg klarte å kvalifisere meg. Det var sjølvsagt stilt høge krav, men sidan eg var blant dei fem beste i Norge, får eg reise til EM, seier ho og legg til:

- Det har å gjere med korleis ein har prestert i år, og kor stabil ein har vore i konkurranse. Det er sjølvsagt kjekt å vere kvalifisert til begge meisterskapa, men eg må innrømme at det er ekstra spanande med EM. Der er det langt fleire utøvarar med, og naturlegvis høgare nivå. Uansett, eg gler meg veldig til begge.