Med sigeren over FK Sykkylven på kunstgraset i Ikornnes Idrettspark har Hødd på toppen av tabellen framleis ei luke på tre poeng ned til andreplasserte Volda. Den siste kampen før sommarferien blei eit tett og tøft oppgjer, og ei utfordring var vinden.

Men nokre vindkast forhindra ikkje kaptein Caroline Overvåg i å setje inn sitt fyrste mål for kvelden etter 10 minutt. Dette blei også det einaste målet i ein jamn omgang.

Over i starten av andre omgang makta heimelaget å utlikne, ved Anna Kristin Brenne. Men Hødd var raskt på pletten, og berre nokre minutt seinare kunne Anna Nerland Aahjem setje inn eit nytt leiarmål for Hødd.

FKS lukkast med å utlikne igjen, to minutt etterpå, ved nemnde Brenne.

Etter dette gira Hødd opp eit nytt hakk, og køyrde på for å sikre tre viktige poeng.

Kaptein Caroline Overvåg tok ansvar, og sette inn sitt andre mål for kvelden etter 75 minutt. Like før slutt stonga Overvåg inn sitt tredje mål for kvelden, og sikra seg med det eit hattrick og Hødd tre viktige poeng i kampen om opprykk.

Hødd sjølve beskriv sigeren som ein sterk laginnsats.

Første kamp etter ferien er ikkje før 22. august, heime mot Herd 2.

Kampfakta

3. divisjon

FK Sykkylven – Hødd 2-4 (0-1)

Ikornnes Idrettspark

Dommar: Alf Gunnar Furland, Rollon SK

Mål: 0-1 Caroline Overvåg (10), 1-1 Anna Kristin Brenne (50), 1-2 Anna Nerland Aahjem (53), 2-2 Brenne (55), 2-3 Overvåg (75), 2-4 Overvåg (89)

Hødd: Erika Skarbø - Vilde Sundal, Merete Molvær Terøy, Pia Brandal, Cecilia Bakke - Marte Vik, Therese Holstad, Lina Solheim Stave, Andrine Nevstad - Caroline Overvåg, Anna Thunem.

Innbyte: Astrid Oline Roppen, Gro Elise Aksnes, Anna Nerland Aahjem og Rebecca Eikrem Sande.