17. april 2017: Det er andre påskedag og sesongopning i 2. divisjon. Hødd har bortekamp mot Vard Haugesund. Attenåringen Daniel Eid skal spele sin første kamp for A-laget.

– Det var ein stor dag, ikkje berre for meg, men for heile familien. Eg var nervøs. Og eg hugsa at eg tenkte at no, no må eg prestere, elles vil alle seie at «oj, han vart teken ut på laget berre fordi han er sonen til trenaren», fortel Daniel Eid. Han har valt kafeen på Høddvollhuset som stad for intervju med lokalavisa.

– Eg er omtrent oppvaksen her på Høddvoll, heilt frå eg var to år var eg med pappa på trening og såg han spele kampar. At eg sjølv ein dag skulle spele på A-laget har berre vore eit naturleg mål.

Har du hatt noko val?

– Ja, absolutt! Det er eg som har lagt ned masse arbeid og som har valt å satse på fotballen, eg har aldri vorte pressa til noko som helst, seier han.

Det gjekk bra i debutkampen, no er Daniel nitten og pappa Sindre Eid er framleis trenar.

– Vi har eit veldig profesjonelt forhold, på trening og kampar er vi spelar og trenar, heime er vi far og son. At eg er sonen til trenaren tenkjer eg faktisk ikkje på i det heile, han er som ein vanleg trenar.

2015-sesongen: Hødd har hatt ein god sesong i 1. divisjon, men rykkjer ikkje opp til eliteserien. Trenar Sindre Eid må tole harde ord både frå tribunen og i sosiale medium. Daniel er seksten år gamal og kjenner på at faren ikkje fortener dette.

– Eg las i sosiale medium at dette ikkje var godt nok, at pappa burde få sparken. Eg følte det var ekstremt urettferdig etter ein så god sesong, det var ikkje noko kjekt å lese. Også frå tribunen vart det sagt ting som ikkje var noko kjekt å høyre for oss i familien, det var roping frå publikum til pappa, fortel han.

Sindre Eid gav seg som trenar etter 2015-sesongen, men var tilbake igjen før 2017-sesongen. Og tok ut sin eigen son til laget.

– Det skjer faktisk stadig på bana, at motspelarar seier til meg at eg spelar berre fordi faren min er trenar. Dei prøver sikkert å få meg irritert, men eg blir berre endå meir gira og motivert, så der bommar dei, ler Daniel.

Får du kommentarar også utanfor bana?

– Nei, det er det eigentleg veldig lite av. No har eg vorte flink til ikkje å lese så mykje av det som vert skrive i sosiale medium, men eg er ganske sikker på at der er ein annan tone no enn i 2015-sesongen. Og så føler eg at eg har klart å bevise at eg fortener ein plass på laget.

Før dagens heimekamp mot Fløy ligg Hødd eitt poeng bak tabell-leiar Skeid. Daniel Eid er svært fornøgd med sesongen så langt.

– Det har vore ein kjempesesong, eg synest heile laget har prestert veldig godt. Vi jobbar godt saman, vi er solide og gode både defensivt og offensivt. Og eg føler at eg klarer å bidra begge vegar. Mi rolle er først og fremst å vere forsvarsspelar og også bidra litt i angrep.

Kva ser du på som din største styrke?

– Det er å kome meg rundt på sida og slå gode innlegg. Eirik Haugan og eg har veldig godt samspel, vi har full kontroll. Det er rett og slett veldig god kjemi i laget, det trur eg publikum legg merke til.

Publikum legg truleg også merke til samspelet mellom deg og Bendik Rise?

– Ja, vi har kjent kvarandre og spelt fotball i lag sidan før vi starta på skulen. Viss Bendik har ballen, så veit eg kva han kjem til å gjere, og omvendt.

16. mai i år: Hødd spelte borte mot Egersunds dagen før. Kampen enda 1–1. Denne morgonen ligg det fem store Hødd-flagg på dørmatta utanfor gangdøra heime hos familien Eid.

– Eg vart utvist i den kampen. Vi kom heim seint, rundt midnatt. Nokon hadde tydelegvis vore nede i sentrum og plukka ned slike Høddflagg frå stolpane der. Eg veit ikkje heilt kva det skulle bety, men folk var kanskje misfornøgde då?, spør Daniel.

Han fyller tjue i oktober. Ved sida av fotballen studerer han idrett på Høgskulen i Volda.

Kva rutinar har du på kampdagar, forresten?

– Å, det er mange! Men ok, eg kan fortelje om nokre: eg et havgryn med mjølk til frukost. Så går eg meg ein liten tur for å få kroppen i gang. Etterpå tek eg ein dusj, først varmt, så kaldt vatn. Så prøver eg å slappa av, men når kampen startar, har eg spelt kampen seks gongar i hovudet mitt allereie. Eg er alltid veldig gira og spent, det er eigentleg ganske slitsamt både fysisk og mentalt. Etter kamp er eg utruleg sliten, men også full av adrenalin.

Høyrer du noko av det som vert ropt frå tribunen?

– Nei. Eg er heilt i mi eiga verd når eg er på bana.

Snakkar du og Sindre mykje fotball?

– Vi snakkar faktisk aldri om Hødd heime. Det høyrest sikkert rart ut, men det er sant. Vi kan snakke litt om Liverpool, men aldri Hødd. Viss eg skal snakke med trenaren, må eg ta det på kontoret her på Høddvollhuset

Er det stor skilnad mellom Sindre som trenar og som pappa?

– Nei, det er eigentleg ikkje det, men eg ser at han er litt annleis når han er trenar. Eg vil seie at han både som far og trenar er snill og god, han vil alle det beste. Han er ekstremt entusiastisk og brenn veldig for det han held på med.

I dag tek de imot Fløy, så er det nokre veker pause før haustsesongen. Kva trur du om resten av sesongen?

– Vi skal vinne mot Fløy, då skaffar vi oss eit utruleg godt utgangspunkt for hausten. Målet mitt er heilt klart å rykke opp til første divisjon med Hødd i år. Det er klubben min, men kjem det tilbod frå større klubbar, så vil det vere eit stort kompliment og noko eg sjølvsagt må vurdere.

Har andre klubbar vist interesse til no?

– Det kan eg ikkje seie noko om, seier Daniel Eid.

Kampen mellom Hødd og Fløy kan du sjå her på vikebladet.no: