Veslebroren til Hødd sin toppscorar Markus Kvame Naglestad, Johan, hadde planen klar før møtet med Hødd laurdag. Fløy-Flekkerøy-midtstopparen skulle ikkje la storebror score. Akkurat den planen gjekk som kjent i vasken.

- Hehe, ja, det gjorde den så definitivt. Men, eg føler eg hadde grei kontroll på han elles i kampen, seier Johan.

Det var i det 19. speleminuttet at Markus fininnstilte siktet og klemte til frå rundt sekstenmeterstreken.

- Akkurat målet til Markus kunne eg nok ikkje gjort så mykje med. Det var eit skikkeleg godt treff. Eg veit kor god skotfot han har, så det var ikkje så veldig overraskande at det var han som scora på eit slikt skot. Diverre dobla han med det leiinga deira, og det gjorde jo jobben vår verre, seier Johan.

Tjue minutt før slutt reduserte Fløy på eit frispark, noko som gjorde Hødd-spelarane litt nervøse siste delen av kampen.

- Eg følte det låg eit mål i lufta. Hadde vi fått fem minutt til på oss trur eg vi hadde utlikna, seier Johan Kvame Naglestad.

- Fin by

Veslebroren har fått eit godt inntrykk av storebror Markus sin nye klubb.

- Det er faktisk fyrste gong eg er her i Ulsteinvik og besøker han. Det verkar som at Markus trivst godt her, og det skjønar eg godt. Ulsteinvik er ein nydeleg fin by. No speler eg for ein klubb som held til tjue minutt frå barndomsheimen vår i Kristiansand, så det var artig å få kome hit og sjå korleis han har det.

Brørne veksla nokre ord med kvarandre og spøka litt i intervjusona, før veslebror måtte springe i garderoba og dusje for å nå bussen.

- Ein kan vel eigentleg seie at det står 1-0 til meg no, i duellen mellom oss, seier Markus og flirer.

Han meiner Hødd vann fortent mot veslebroren sin klubb.

- Heilt klart. Vi var best i store delar av kampen, og tok tre viktige poeng som gir oss ro inn mot sommarferien.

Dette var Hødd sin siste kamp før sommarferien. Neste oppgjer blir borte mot Kjelsås 27. juli.