Laga var jamne dei første fire minutta, og det var ingen store forsøk rett frå startblokkene.

Men så skulle det ta av på tribunene på Høddvoll. Bendik Rise dytta vidare eit farleg framspel inn mot Fløy-målet til Magnus Myklebust, som etter flikka ballen forbi ein forsvarar og banka ballen i mål, til sida for keeper. Eit flott mål etter 5 minutt av formspissen, og 1-0 på Høddvoll.

Etter 9 minutt var same mann i god posisjon igjen, denne gongen litt meir skrått til side for mål. Myklebust banka til, men ballen gjekk til sida for mål. Etter 12 minutt fekk Bendik Rise avslutta på mål, men ballen gjekk rett i klypene på keeper. Hødd hadde full kontroll første kvarteret av kampen.

Etter 17 minutt kom Hødd fram til ein kjempesjanse, der Magnus Myklebust til slutt prøvde å brasse ballen i mål. Det gjekk ikkje, men nok ein flott sjanse skapt av Hødd.

Så skulle det bli meir jubel. For 19 minutt inn i kampen dobla Hødd leiinga. Markus Naglestad fekk ballen på sekstenmeterstreken, fininnstilte siktet og banka til. Ballen gjekk knallhardt mot mål, og i mål til 2-0 bak ein sjanselaus Fløy-keeper.

Hødd kom til fleire farlege sjansar etter dette, men den største kom etter 29 minutt då målscorar Naglestad fyrte av igjen, denne gongen frå andre sida av sekstenmeteren. Ballen gjekk med ein fin skru mot mål, men keeper fekk avverja.

Resten av omgangen var mykje prega av stillingskrig på midten og eit par halvhjarta forsøk frå begge lag. Tempoet dala noko etter ein forrykande første halvtime av Hødd. Omgangen enda på stillinga 2-0.

Heldt fram trykket etter pause

To minutt inn i andre omgang fekk Hødd ein stor, stor sjanse, då eit hardt innoverslått frispark frå Bendik Rise gjekk rett på pannebrasken til Henrik Breimyr. Men midtstopparen makta ikkje å styre ballen inn i mål. Den gjekk i staden milelangt over målet.

Etter 52 minutt var same mann i fokus igjen, då han stonga eit hjørnespark mot mål. Keeper fekk derimot akkurat dytta ballen over mål.

Etter 61 minutt skreik både Hødd-spelarane og heimepublikummet på straffe, men dommaren vinka bort protestane. To minutt etter avslutta til slutt Preben Sætre på mål med pannebrasken, etter nok ein farleg situasjon innanfor Fløy sin sekstenmeter.

Markus Naglestad blei fint spelt fram av Daniel Eid etter 69 minutt, inne i feltet til Fløy. Avslutninga, ein chip over keeper, gjekk diverre over tverrliggaren og landa på nett-taket.

Redusering for Fløy

Etter 70 minutt skulle derimot noko litt spesielt skje. Fløy fekk frispark på rundt 25 meter, og Henrik André Dahlum stilte seg opp for å ta det. Dahlum klemte til, og ballen gjekk knallhardt mot mål. Kula gjekk i mål, til sida for ein forbausa og stilleståande Hødd-keeper Ole-Monrad Alme. Kanskje burde keeper vore på denne? Målet kom dessutan på bortelaget sin fyrste skikkelege sjanse i kampen.

Så, fem minutt etterpå, fekk Hødd ein dobbeltsjanse. Først ei avslutning frå Preben Sætre, før Markus Naglestad prøvde seg. Begge skota gjekk rett på sisteskansen til Fløy.

Det blei svært lange minutt fram mot full tid for heimepublikummet på Høddvoll. Heimelaget var tydeleg litt nervøse etter reduseringa. Men, dei blåkvite heldt hovudet kaldt, og drog til slutt i land tre viktige poeng i opprykkskampen.

Kampfakta

PostNord-ligaen avdeling 2

Hødd – Fløy  2-1  (2-0)

Høddvoll

Tilskodarar: 1076

Dommar: Robert Eggen, Trønder-Lyn Idrettslag

Gule kort: Daniel Eid, Marius Hagen (Hødd), Omar Markovic, Henrik André Dahlum (Fløy)

Mål: 1-0 Magnus Myklebust (5), 2-0 Markus Naglestad (19), 2-1 Henrik André Dahlum (70)

Hødd (3-5-2): Ole-Monrad Alme – Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu – Daniel Eid, Bendik Rise (Franke Saunes, 89), Joakim Wrele, Marius Hagen, Preben Sætre – Magnus Myklebust (Osvold, 80), Markus Naglestad (Saunes Hasund, 87)

Innbyte: Jonas Bigseth Mathiesen, Badr Rahhaoui, Eirik Franke Saunes, Johannes Sundgot, Peter Saunes Hasund, Isak Gabriel Skotheim, Joachim Osvold