Njård-utøvaren blir kalla for Norges beste turnar, har vunne heile 10 kongepokalar gjennom karrieren - den fyrste i 1988 og den siste i 2008 - og var blant finalistane i førre sesong av NRK-programmet Mesternes Mester. Der blei han til slutt slått av Gro Hammerseng, men mange hadde nok den svært allsidige og gjennomtrena turnaren som favoritt før finalen.

Jansen har sjølv sagt at han er Norges beste trente idrettsutøvar, og synte prov på kor dyktig han er under ei framsyning midt i kjøpesenteret Blåhuset laurdag. Der ville han også utfordre kven som helst på om dei kunne gjere øvingane betre enn han.

- Veldig flinke

Men hovudsakleg instruerte han dei unge Hødd-turnarane, før han innimellom turna sjølv. Himmelhøge og halsbrekkande hopp, araber, flikk-flakk og mykje anna. Han viste også fram ferdigheitene sine i skranken og på bøylehesten.

Jansen sjølv var godt fornøgd med å få lære bort litt av det han kan til Hødd-turnarane.

- Dei er veldig lærevillige, og veldig flinke, sa Jansen på spørsmål frå Vikebladet Vestposten og la til:

- Det er heilt tydeleg at Hødd har eit godt turnmiljø, og at det ligg mykje kunnskap hos trenarane her. Eldsjeler som jobbar mykje med borna, og som nyttar fritida si til å hjelpe dei opp og fram. Det betyr mykje for turnmiljøet i Norge at vi har slike klubbar som Hødd Turn. Eg er overtydd om at Hødd har mykje spanande på gong.

Jansen og fleire eldsjeler driv Hoppensprett Turn på Jessheim, så han veit godt kva det vil seie å drive ein klubb.

- Ein turnklubb skal vere ein bra stad å vere, og ein trygg stad å vere. Der skal vere folk som bryr seg, og som vil borna og dei unge det beste, seier han.

Han er fullt klar over at Ulstein også er heimen til Hødd - som han fekk sjå slå Fløy laurdag - og verdsmeister på 400 meter hekk, Dimna IL-utøvar Karsten Warholm.

- Ulstein har eit stort miljø for fotball og friidrett, men også for turn - og det gjer meg veldig glad. Eg trur fleire og fleire i Norge har fått augene opp for turn dei siste åra, og at fleire ser kor viktig turn er som treningsform og for folkehelsa. Turn er dessutan ein idrett der alle kan trene saman samtidig, uavhengig av alder og kjønn, seier Espen Jansen.

- Kjekt med Espen på besøk

Vegar Brandal i Hødd Turn fortel at besøket frå Espen Jansen kom i stand litt tilfeldig denne gongen. Jansen har vore på besøk hos Hødd Turn før, men då i ein litt annan samanheng. Jansen er også ein som Hødd av og til møter på når utøvarar frå klubben er på konkurransar kring om i Norge.

- Blåhuset ynskte å få i stand litt aktivitetar under Båt & Bacalao, og hadde sett seg ut eit besøk frå Espen Jansen. Vi i Hødd Turn blei også invitert til å vere med, og tenkte at vi kunne gjere ei helg ut av besøket frå han. Vi byrja med ei treningsøkt på morgonkvisten laurdag, før opplegget på Blåhuset. Vi avslutta med ein liten fjelltur med Espen, eg og Bjørn Roppen, til Hasundhornet no i dag, og ei treningsøkt for utøvarane no i kveld, sa Vegar Brandal søndag ettermiddag.