Med berre fire poeng så langt i sesongen var det ei stor oppgåve for Hødd 2 å skulle forsøke å ta alle tre poenga borte mot Spjelkavik.

Spjelkavik var som venta aggressive frå start, og køyrde på mot målet til Hødd 2. Dei fyrste minutta heldt Hødd derimot heimelaget frå dei heilt store sjansane.

Etter 12 minutt skulle det derimot gå vegen for Spjelkavik. Roald Andreas Knoph Runde fekk ei flott langpasning frå Lars Jansen Austnes og gjorde ingen feil i møte med Hødd-keeper Joakim Goksøyr Ulstein. 1-0 til heimelaget etter eit godt angrep.

Hødd hang brukbart med dei fyrste tjue minutta, men det var heimelaget som hadde ballen mest.

Men så skulle det smelle i andre målet, etter at Hødd hadde tatt over meir av spelet. For etter halvtimen spelt kom Hødd til ein stor sjanse, som resulterte i ei fortent utlikning. William Fjørtoft avanserte framover i banen langs høgrekanten og la flott inn i feltet, der Håkon Botn Brautaset kunne banke ballen i mål. Eit nydeleg angrep av Hødd 2.

Resten av omgangen var Hødd farleg frampå ved fleire høve, og hadde god kontroll på heimelaget, men dei blåkvite lukkast ikkje med å gå opp i leiinga før pause.

Hødd utlikna igjen - på overtid

Det var jamne første ti minutt i andre omgangen, der Spjelkavik kunne gått opp i leiinga ved innbytar Faris Ibrulj, men Hødd-keeper Joakim Goksøyr Ulstein fekk avverja.

Hødd hadde rimeleg god kontroll på dei fysisk større og noko eldre Spjelkavik-spelarane i første halvdel av andre omgang.

Men så, etter 76 minutt kjempa Eirik Nesset Hjelvik seg gjennom feltet til Hødd og dytta ballen til sida for Joakim Goksøyr Ulstein i Hødd-målet. 2-1, litt i mot spelets gang. Det var nok trenar Frode Fagermo godt nøgd med.

Etter dette klarte ikkje Hødd heilt å gire opp for å skaffe seg nok ei utlikning, og heimelaget hadde stort fokus på å vinne att ballen. Like før full tid hadde derimot Peter Saunes Hasund sjansen til å setje ballen i mål, men frå rundt fem meter gjekk ballen rett på keeper og ut i feltet igjen.

Så, på overtid, skulle det bli ny dramatikk på Spjelkavik stadion. Peter Saunes Hasund kom seg gjennom, og blei felt innanfor Spjelkavik sin sekstenmeter. Dommar Even Myrheim peika på straffemerket, og Eirik Franke Saunes gjorde seg klar.

Franke Saunes gjorde alt rett, og banka inn 2-2. Det enda med poengdeling i Spjelkavik.

- Nøgd med eitt poeng

Hødd-trenar Jesper Törnqvist meiner Hødd var gode mot Spjelkavik.

- Vi kom tilbake to gongar frå å ligge under. Eg er kjempestolt av gutta, som presterer veldig godt på det mentale i dag. Det er eit ungt lag som har slite litt i vår, så all honnør til dei, og at dei klarer dette. Vi kunne faktisk fått med oss tre poeng, hadde vi vore meir effektive på andre sjansar vi skapte, for vi skapte mange. Vi er nøgde med eitt poeng, men sjølvsagt littegranne skuffa over at vi ikkje tek alle tre,, seier Törnqvist.

Kampfakta

Norsk Tipping-ligaen avdeling 1

Spjelkavik - Hødd 2 2-2 (1-1)

Spjelkavik stadion

Dommar: Even Myrheim, Emblem IL - Fotball

Tilskodarar: 50

Gule kort: Elias Dahlberg, Eirik Hjelvik (Spjelkavik), Joakim Goksøyr Ulstein, Peter Saunes Hasund, William Fjørtoft, Isak Skare Haanes (Hødd)

Mål: 1-0 Roald Andreas Knoph Runde (12), 1-1 Håkon Botn Brautaset (30), 2-1 Eirik Nesset Hjelvik, 2-2 Eirik Franke Saunes (str. 90+2)

Hødd (4-4-2): Joakim Goksøyr Ulstein - Ola Heltne Nilsen, Peter Saunes Hasund, Elias Martin Flø, Johannes Sundgot - William Fjørtoft, Isak Gabriel Skotheim, Sander Djupvik, Eirik Franke Saunes - Håkon Botn Brautaset (I. Haanes, 62), Bam Hide

Innbyte: Isak Moen Endal, Isak Skare Haanes, Gustav Brandal Dimmen, Bastian Myklebust Rasmussen, Sondre Muren Gjerdsbakk, Petter Haddal Worren.