Håvard Mork Breivik var kaptein på gutelaget til Hareid som tok gull i Norway Cup i fjor, har fleire A-kampar for Hareid og har gjort sakene sine svært bra i Aalesunds FK etter at han melde overgang dit. Men søndag skulle han nå ein ny, stor milepåle.

I det 84. speleminutt i kampen på Color Line Stadion mot Notodden fekk nemleg Mork Breivik sin seriedebut for A-laget til Aalesund, som på det tidspunktet hadde scora heile 3 mål og gjekk mot ein trygg siger. Den 17 år gamle hareidsdølingen erstatta den erfarne midtstopparen Kaj Ramsteijn, og gjekk inn på høgre stopparplass. Sjølv om han ikkje fekk mange minutta på banen, viste han stoisk ro og gjorde ein fin figur.

- Ganske stolt

Dagen etterpå har Håvard fått tenkje litt på det han fekk vere med på.

- Eg er ganske stolt over å ha fått prøvd meg. No har eg etter kvart vore ganske mange kampar på benken. Det var godt å endeleg få sleppe til, seier Håvard Mork Breivik.

Det var litt tilfeldig at det var Håvard som fekk komme inn, for eigentleg hadde trenar Lars Bohinen sett føre seg eit anna byte.

- Det stemmer. Men så fekk Kaj (Ramsteijn, journ.anm) litt problem, og måtte ut. Då fekk eg kort tid på å gjere meg heilt klar, men det var ikkje noko problem. Eg vart litt overraska over at eg fekk komme inn, men når eg først var ute på banen var det berre gøy. Eg må nok innrømme at eg hadde litt sommarfuglar i magen der eg stod og skulle inn, men det gjekk raskt over, seier Mork Breivik nøgd.

Målet er proffkontrakt

Ungguten hadde håpa å få debuten sin før sommarferien, og det ønsket gjekk altså i oppfylling.

- Dette gir meg sjølvsagt mykje motivasjon til å trene meir og hardare, og eg skal halde fram med å prøve å kjempe meg inn på laget etter sommarkvilen, seier Håvard Mork Breivik.

Som ikkje er i tvil om kva det store målet hans denne sesongen er.

- Eg speler for andrelaget no, men målet er å få proffkontrakt. Det er det eg jobbar for å klare, så får eg ta det steg for steg, og håpe at eg blir funne verdig.

Hareidsdølingen meiner trenar og landslagslegenda Lars Bohinen, som kom til Aalesunds FK før sesongen, har gjort mykje godt i klubben.

- Han er ein veldig god trenar, som er direkte i måten han gir beskjedar på. Han er tydeleg på kva han forventar av kvar enkelt spelar. Eg likar meg godt her i AaFK, og føler meg inkludert. Somme av spelarane er nesten dobbelt så gamle som meg, men det gjer ingenting, alle er kjekke med kvarandre, seier Håvard Mork Breivik avslutningsvis.