– Om eg angrar på at eg tok på meg vervet? Nei, på ingen måte, seier Normark.

Korleis har den første månaden som styreleiar vore?

– Det har vore ganske innhaldsrikt. Sist helg tok eg med familien på skuleavslutningstur til Ulsteinvik. Eg var med på FFO- og J8-avslutninga og eg såg A-kampen mot Fløy. Vi budde på hotellet, var på badeland og eg fekk vere med i Hødd sitt klubbmiljø, seier han.

«Å vere med i klubbmiljøet» innebar også å vere med på det såkalla Høddrommet på Høddvoll før kampen mot Fløy.

– Ja, der fekk eg treffe mange gamle Hødd-stjerner. Det var artig, vi hadde mykje å snakke om. Eg har forresten også gjennomført mitt første styremøte.

Korleis var det?

– Det var veldig informativt, det er artig å sjå ein klubb med så høg aktivitet og med så mange glade, flotte og flinke menneske. Og sjølvsagt blir det ein del strategiske diskusjonar og val vi må gjere både til hausten og vidare framover.

Kva meiner du med strategiske diskusjonar?

– Eg kan ikkje seie så mykje no, men eg kan tease littegrann: det er mykje spennande på gang i Hødd. Føremålet er eigentleg å skape gode opplevingar, både for medlemmar og publikum. Og så handlar det om å rigge og sikre klubben med fornuftig og forsvarleg drift. Då kan det hende det må gjerast nokre smertefulle val.

Snakkar du då om neste år eller allereie til hausten?

– Eigentleg frå hausten av, seier Normark.

Laurdag sat han på tribunen då Hødd avslutta vårsesongen med 2-1-siger over Fløy på Høddvoll.

– Det var veldig artig å sjå laget, det var bra kollektiv og fine individuelle prestasjonar, flotte skåringar, og ein veldig, veldig fortent siger. Det er mykje potensial i laget som er i ferd med å verte forløyst. Vi som sit i styret skal legge til rette for at dei som jobbar med desse gutane kvar dag skal få gode føresetnader for at dei skal bli endå betre.

Då du var i AaFK innførte du uttrykket bulldoserfotball for spelestilen i laget. Har du tenkt ut eit eige uttrykk for Hødd-fotballen..?

– Nei, ikkje førebels. Men eg kan tenkje på det til hausten, kanskje diskutere litt med Sindre (Eid, Hødd-trenar), seier Ivar Morten Normark.