Leiren i Porsgrunn er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor (tidlegare Statoil) sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter.

Opplegget denne veka var for gutespelarar mellom 14 og 16 år, og deltakarane fekk rettleiing av Heerenveen-proffen Morten Thorsby. Han er også mentor i Morgendagens Helter.

- Eg synest talenleiren er veldig bra og lærerik. Eg er veldig glad for å få teste meg mot dei beste i landet og eg tek med meg mange nye erfaringar heim til Hødd, seier Syver Skundberg Skeide i ei pressemelding frå Equinor.

Leiren er det øvste nivået på fotballforbundet sin landslagsskule, der målet er å drive systematisk talentutvikling for å rekruttere spelarar til landslaget.