Tekst og foto: Iver Vattøy

Det var ein viktig kamp for heimelaget, som helst skulle hatt med seg poeng i kampen mot Volda. Hareid låg på 12.plass av 14 lag i divisjonen før kampen, og med eit poeng eller tre ville dei minska forspranget til laga føre på tabellen.

Det skulle vise seg å verte tøft for heimelaget, som fekk besøk av eit høgreist Volda-lag som var glade i lange ballar og duellar, men det var heimelaget som starta kampen best.

Draumestart for Hareid

Etter knappe 5 minutt sørga Ruben Kenneth Brandal, med litt hjelp frå vinden, for at Hareid fekk ein kjempestart på kampen.

Brandal skrudde ballen i mål frå eit hjørnespark og sendte heimelaget i leiinga.

Dessverre for heimelaget skulle ikkje leiinga vare lenge. Berre nokre minutt seinare ruva voldaspelar Tobias Evenbø høgast i feltet etter eit innlegg, og stanga ballen i mål forbi Vagn Skeide Mork i Hareid-målet.

Hareid spelte godt, men i lufta var det voldingane som herja.

Kampen var ikkje av dei mest underhaldande denne sesongen, og det skjedde heller lite etter 1-1 målet til Volda. Laga kom seg til kvar sin store sjanse, men to gode rednignar sørga for at laga gjekk til pause på stillinga 1-1.

Kalddusj for heimelaget

Berre fem minutt etter kvilen var det igjen gjestane som kunne juble for scoring. På eit frispark frå midtbana var Voldaspelarane overlegne i lufta. På bakarste stolpe vart ballen stanga inn igjen i feltet. Der fekk målscorar Dahlberg stå heilt åleine og ekspederte ballen i mål med ei kontrollert heading.

Det vart vanskeleg for heimelaget å forsvare seg mot det høgreiste voldalaget. Ikkje lenge etter 1-2 målet var det igjen Volda som scora, og nok ein gong med hovudet. Stian Finnøy vann duellen i feltet og stanga inn det som skulle bli sluttresultatet i kampen.

Hareid var ikkje nøgde med dommaren på det tredje målet, og det med god grunn. Målscoraren brukte mykje armar for å komme seg fri frå markeringa, og burde fått frispark då målet blei scora.

Heimelaget kom seg til fleire sjansar, men berre ved eit høve greidde dei å sette Volda-keeperen på prøve.

Etter ein corner stanga August Brandal til ballen frå nærare 16-meter. Spissen fekk kjempetreff og ballen susa mot målet, men Voldakeeperen svara ed ei kjemperedning og eit nytt hjørnespark.

Igjen var heimelaget nære scoring etter mykje "klabb og babb" i feltet, men gjestane fekk til slutt beina ballen ut frå 16-meteren.

Nærare enn det kom ikkje heimelaget, og dermed vart det tap og 0 poeng i avslutninga på vårsesongen.

Hareid ligg no framleis på 12.plass i 4.divisjon avdeling Sunnmøre, og har los på laga føre dei på tabellen.

Laget har no nærmare to månadar å førebu seg til hausten fyrste heimekamp mot årets store overrasking, Ørsta.

Hareid:

1 Vagn Scheide Mork

18 Fredrik Andresen

30 Markus Hareide

3 Martin Nikolai Longva

17 Nauris Driksna

25 Gustav Bjørlykke Kløvning

9 Benjamin Reite

15 Ruben Kenneth Brandal

10 Bendik August Engen

16 August Julian Brandal

2 Henrik Holstad

Mål - Ruben Kenneth Brandal