Karsten Warholm blei nummer tre på 400 meter hekk under Diamond League-stemnet i Paris laurdag kveld.

Han kom i mål på tida 48,06, etter å ha gjort ein feil på den nest siste hekken.

Løpet vart vunne av Abderrahman Samba frå Qatar med knalltida 46,98, medan Kyron McMaster frå Dei Britiske Jomfruøyar tok andreplassen med 47,54.